Storms private jordbruksskule i Sogndal

Prestesonen Martin Luther Storm frå Arendal var ein av dei første agronomstudentane då Norges Landbrukshøgskole starta på Ås i 1859. Etter eksamen, reiste han til Sogndal, der han starta ein privat landbruksskule for bondeungdom i 1870. Skulen heldt til i det tidlegare sorenskrivarhuset på Loftesnes (sjå: Sorenskrivargarden på Loftesnes).
Då Jakob Liv Rosted Sverdrup i 1871 valde å realisere planane sine om ein kristeleg folkehøgskule og starta Sogndal folkehøgskule, tilbaud Storm at dei to skulane vart slegne saman. Sverdrup gjekk med på dette, og i eitt år dreiv dei skulen i lag. Men så rauk dei uklar om kven som skule vere styrar.
Flytta til Mo
Storm kutta banda med folkehøgskulen og freista ei tid å drive jordbruksskulen sin vidare på garden Bjedla. Då fylket om lag samstundes vedtok å leggje ned Mo Jordbruksskule i Førde som det hadde drive sidan 1856, tilbaud Storm seg å pakte Mo-garden og drive skulen privat. Det gjorde han frå 1873 til 1907, då fylket igjen tok over drifta av Mo jordbruksskule.

Loftesnes gard, der Storm starta landbruksskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 19.08.2011