Hopp til innhold
X
Innhald

Største fruktgard i Norden

Teikning av Stedje frå tidleg på 1800-talet. På denne tida skulle det vere 6666 frukttre på garden.

Teikning av Stedje frå tidleg på 1800-talet. På denne tida skulle det vere 6666 frukttre på garden.

Storgarden Stedje er mest kjend for at den på 1800-talet hadde den største frukthagen i Norden - med 6666 utplanta tre.

På denne tida var det godseigar Henrik Formann som eigde garden. Han budde på Lysekloster i Os ved Bergen, og kjøpte Stedje i 1833. Han dyrka også eksotiske frukter som aprikos, fersken og druer der, og dreiv planteskule. Godseigar Formann på Stedje deltok med frukt på utstillingar 1855-1862 og fekk ei mengd medaljar.

Etter at Henrik Formann døydde i 1871, kjøpte den særmerkte Bergens-kjøpmannen og nynorskmannen Henrik Krohn Stedje gard i 1872 og busette seg der. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt Sogndal Tændstikfabrik. Stedje hadde på denne tida 200 mål innmark, 20 storfe og fire-fem hestar.

Les meir om: Storgarden Stedje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2011