Hopp til innhold
X
Innhald

Største sagbruk på Vestlandet

Dei store fureskogane, mellom anna på Kaupangsholten, var ei viktig inntektskjelde for Kaupangergodset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei store fureskogane, mellom anna på Kaupangsholten, var ei viktig inntektskjelde for Kaupangergodset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå første tid var dei mektige fureskogane den viktigaste inntekta til Kaupanger-godset. Store oppgangssager langs Kaupangerelva skar tømmeret, og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden vart hyrt inn for å frakte skurlasta frå «Knakasagi» til kjøparane i Bergen.

Dei beste åra for skogsdrifta var åra kring 1800 og fram til 1807 og åra frå 1860 og utover. Ei av dei verste nedgangstidene for sagbruka i Sogn var krigsåra frå 1807 og utover til 1820, då Napoleons-krigane herja Europa.

Medan dei første oppgangssagene frå 1500-1600-talet berre hadde eitt enkelt skjereblad, bygde ein på 1800-talet oppgangssager med fleire blad. Den øvre oppgangssaga på Kaupanger fekk sett inn heile ni blad kring 1850.

Frå skogsdrifta til Kaupangergodset i 1932. Personane på biletet er Ingolf Haukås-Eide, (?) Rød, Anders Hauståker og Nils Skjerven. Rød, som  var sonen til ein lærar, var på vitjing i skogen. Dei tre andre er tømmerkøyrarar. Ukjend fotograf. Eigar: Nils Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brørne Nils J. og Christen F. Knagenhjelm er oppdressa og klare til 17. mai-feiring i 1928. Ukjend fotograf. Eigar: Hilda Sleppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brørne Nils J. og Christen F. Knagenhjelm er oppdressa og klare til 17. mai-feiring i 1928. Ukjend fotograf. Eigar: Hilda Sleppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaupanger Sagbruk og Høvleri

På jektekaia vart det bygt ei kassesag, og i 1929 vart det bygt ei «lokomobilsag», driven med damp. Då det gamle sagbruket brann i 1936, vart Kaupanger Sag og Høvleri bygt av Christen Knagenhjelm IV.

Leiglendingar i skog og på sagbruk

Når det var arbeid i skogen eller på garden i onnene, vart husmennene tilsagde for pliktarbeid.

Straks Nils J. Knagenhjelm (fødd 1920) tok over som eigar av Kaupanger hovedgård i 1949, avvikla han husmannsvesenet. Garden vert i dag (2011) eigd og driven av Christen (sonen til Nils J.) og Randi Knagenhjelm.

Les også om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.08.2011