Hopp til innhold
X
Innhald

Svartesmeden på Bjedla

Bjedla, eller Bjelde, der Svartesmeden ifylgje ei segn budde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bjedla, eller Bjelde, der Svartesmeden ifylgje ei segn budde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Bjedla budde Svartesmeden. Han hadde eit sverd som heitte Flusi. Ein gong kom han over Lundamyrstrollet medan det sov. Svartesmeden stakk trollet i bringa med Flusi. Men då trollet døydde, aulte det ut alt slags pakk gjennom portar som opna seg i Loftesnesfjellet. Dei tok med seg skrotten til Lundamyrstrollet inn i Loftesnesfjellet, og borte var dei.

Men i lange tider etter dette torde ikkje folket på Bjedla å gå framom den staden der trollet hadde fått nådestøyten når det var mørkt.

Sverdet Flusi skal visstnok vere eit gamalt sverd på Bjedla som er teke vare på ved Sogn Folkemuséum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011