Hopp til innhold
X
Innhald

Sygnabladet

«Sygnabladet» var ei lokalavis for Sogndal starta i 1967, og kom berre ut eit halvt års tid.

Den vart delvis starta som ei «motvekt» mot den journalistikken som den omstridde redaktør Hans Arnesen i Sogningen/Sogns Avis (SSA) på den tida dreiv kring saker i Sogndal.

Forfattarane Per Hilleren og Ivar Rusti skifta om å vere redaktørar. Avisa vart gjeven ut av Sygnebladet A/S og trykt hos Ivar F. Skjeldestad. Etter at avisa gjekk inn, låg trykkeriet nede fram til 1969, då Ingvar Moe kjøpte det og starta Sogna-Prent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008