Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Stenehjem Skjeldestad

Terje Skjeldestad. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Terje Skjeldestad. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Terje Skjeldestad fødd 1978 i Sogndal. Fotballspelar. Han var målvakt for Sogndal frå 1995 til 2010, då han måtte legge opp på grunn av komplikasjonar etter kneoperasjonar. Den siste kampen på toppnivå spela han i 2007. Sidan var han keepertrenar i Sogndal Fotball, til han i 2015 vart assistenttrenar.

Han har spela 294 A-kampar for Sogndal, og har og fått med seg tre A-landskampar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015