Hopp til innhold
X
Innhald

Theodor Nilsen bakeri

Theodor Nilsen starta bakeri i Sogndal ein gong før 1891 (nemnd i manntalslista dette året), og utvida på 1890-talet med landhandel. Butikken heldt til i huset til Marta Vedlegjerde på ei tomt i Fjøra som på folkemunne vert kalla «Jeriko».

Etter at Theodor døydde kring 1930, dreiv enkja Lisa Nilsen saman med borna Nils og Magnhild handelen. Nils Nilsen var samstundes kommunekasserar og formannskapssekretær. Då han døydde kring 1950, vart forretninga driven vidare av enkja Sigrid Nilsen fram til 1958. I 1958 kjøpte Kåre Navarsete den gamle butikken etter Nilsen-folket og dreiv daglegvarehandel under firmanamn Kåre L. Navarsete i omlag 10 år.

K-senteret

I 1968 kjøpte Navarsete eit stort bustadhus - Ølneshuset - i Sogndalsfjøra, reiv det og bygde nytt, stort forretningssenter. Ved seinare utvidingar samarbeidde han med kjøpmann Finn Geithus.

K-senteret opna i 1969, og var den største daglegvarebutikken i Sogn og Fjordane med kring 20 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2007