Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg ute med rikstelefon

Kaupanger Hovedgård var mellom dei første telefonabonnentane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Hovedgård var mellom dei første telefonabonnentane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger, Amla og Sogndalsfjøra fekk rikstelefon i 1896 , og lina vart opna heilt fram til den nye turistmetropolen Balestrand året etter.

Der var det mange utanlandske gjestar, både kongelege og rike forretningsfolk på ferie, desse kravde telegraf- og telefonsamband til heimlandet.

På den første rikstelefonlina som vart bygd vestetter frå Lærdal mot Balestrand, finn vi fylgjande lokale abonnentar: Heiberg og Knagenhjelm i Kaupanger - og forutan Danielsens Hotell, var også folk med etternamna Lem, Schøyen, Jenssen og Andersen abonnentar i Sogndalsfjæra - d.v.s. embetsmenn og kjøpmenn.

Kaupanger og Amla vart automatiserte i 1978 og knytte til fjernvalnettet same året. Sogndal vart automatisert i 1978 og knytt til fjernvalnettet i 1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011