Hopp til innhold
X
Innhald

Tidlegare kyrkjer i Sogndal

Stedje stavkyrkje måla av kunstnaren Andreas Achenbach. © Blomqvist Kunsthandel.

Stedje stavkyrkje måla av kunstnaren Andreas Achenbach. © Blomqvist Kunsthandel.

Stedje stavkyrkje var hovudkyrkje i Sogn

Stedje stavkyrkje var hovudkyrkje i Sogn

Då noverande kyrkje vart bygt på Stedje i 1867, vart den store stavkyrkja frå 1180-talet riven. Denne kyrkja hadde 16 stavar (berande søyler), og var ei av dei største stavkyrkjene i Sogn. Stavkyrkja var rikt dekorert, og det vekte oppstyr då det vart kjent at kyrkja skulle rivast. Stedje kyrkje var i mellomalderen såkalla "fjordungskyrkje" - d.v.s. ei slags hovudkyrkje i sitt distrikt. - Les meir om den gamle kyrkjeskipnaden i eigen artikkel under fylkessidene i siste bind: Den norske kyrkja.

Portal frå stavkyrkja på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Portal frå stavkyrkja på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkjekunst frå Stedje i Bergen

Ein stav eller søyle frå stavkyrkja som stod på Stedje, er teken vare på ved Bergen Muséum. Den har innskrifta :

"Denne staven gav Sigrid Kvåle for Antors sjel og nåde for seg sjølv".

Portalen frå stavkyrkja er utstilt på Bergen Muséum. Der finst også ein del av ei gamal lysekrune og eit epitafium, truleg frå tidleg 1600-tal. To utskorne masker frå kapitela (søyletoppane) i kyrkja finst på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuséum, likeså ei kyrkjedør frå mellomalderen, eit udatert gamalt altar, og to udaterte messingstakar. Ein altardisk frå 1600-talet finst på Vestlandske Kunstindustrimuséum, og i Oldsaksamlinga i Oslo finst ei brurekrune frå nyare tid. Gamle Stedje kyrkje var eigd av tre gardbrukarar på Stedje då den vart riven i 1867. - Etter Snorre skal Olav den heilage ha vitja Sogndal i 1023 for å kristne bygda, og han peika samstundes ut staden der kyrkja skulle byggjast. Teksten på runesteinen ved Stedje kyrkje kan tyde på det:

”Kong Olav skaut mellom desse to steinane".

Krusifiks frå Stedje stavkyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Krusifiks frå Stedje stavkyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkje på Kvåle

På Kvåle stod ei kyrkje som første gong er nemnt på 1300-talet. I 1544 vert det nemnt at ho var til nedfalls, og kyrkja vart lagt ned før 1574. Kyrkja på Kvåle skal etter tradisjonen ha lege 75 meter nordvest for Halvardshaugen som er omtala her under kapitlet: Segner frå Sogndal. I 1830 omtalar biskop Neurmann restane etter Kvåle-kyrkja. På kyrkjegarden skal ein ha funne kranium og andre menneskebein, Muren til koret var også lett synleg i 1830, og i nærleiken såg ein på den tida firkanta steinar, nokre av dei med ”munkeskrift”. På Kvåle heiter eit jordstykke framleis Kyrkjeåkeren.

På Kvåle var det stavkyrkje fram til midten av 1500-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Kvåle var det stavkyrkje fram til midten av 1500-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapell på Åberge

På Åberge stod eit kapell som er nemnt i 1327. Her finst framleis stadnamn som minner om kapellet: Kyrkjeflata eller Kyrkjeåkeren. Kapellet var i bruk til ein gong mellom 1563 og 1685. Kapellet hadde m.a. inntekter frå eige jordegods.

Kyrkje på Eggja

På Eggja stod ei kyrkje som er nemnt i skriftlege kjelder i 1340. Mest truleg var dette ei privat kyrkje.

Kapell på Fimreite

På Fimreite vert eit kapell omtala i 1340. Her finst framleis eit lokalt stadnamn som minner om kyrkja: Kyrkjegarden. Kapellet vart lagt ned mellom 1480 og 1585.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011