Hopp til innhold
X
Innhald

To gjestgiveri i Sogndalsfjøra

Teikning frå ”Skillings-magazin” frå 1849. Vi ser Hofslund, der det var gjestgiveri og skysstasjon. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Teikning frå ”Skillings-magazin” frå 1849. Vi ser Hofslund, der det var gjestgiveri og skysstasjon. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Sogndal var det frå 1700-talet to gjestgiveri; det eine på Nytappen (Fossetunet), det andre på Hofslund, der Hofslund Hotell no ligg. Folket på Hofslund hadde borgarbrev i Bergen. Dei hadde handelsprivelium, og hadde framandklingande namn som Alm og Schiøtt.

På Nytappen, som seinare fekk namnet Fossegården,  var det gjestgiveri og handel.  Dette biletet er teke på 1870-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Nytappen, som seinare fekk namnet Fossegården, var det gjestgiveri og handel. Dette biletet er teke på 1870-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Før Peder J. Næss kjøpte eigedomen i 1908 og bygde hotell der i 1912, var i tur og orden Jørgen Moe, Peder M. Kjørlaug og Ola Håkonsen («Haokoen») eigarar av gjestgjevargarden på Hofslund. Desse dreiv også skysstasjonen i bygda. Håkonsen heldt fire hestar på skysstasjonen.

Den første som er oppført som kremmar på Nytappen, heitte Anders Nytappen. Han kom dit i 1700. Etter han kom Nils Jonsson Kringlen i 1728. Enkja etter Nils, Berta Hansdotter, og den nye ektemaken hennar, Jens Nilsson Fimreite, tok over handelen og gjestgiveriet på Nytappen i 1751. Dottera deira, Bertha Marie og ektemaken Henrik P. Nitter frå Luster, tok over i 1768.

Då Henrik P. Nitter døydde, gifta enkja Bertha Marie Nitter seg opp att med Ole Danielsen frå Feigum i Luster. Danielsen var kremmar og gjestgjevar på Nytappen frå 1777 og til familien flytta til Bergen. Frå 1789 heitte kremmaren på Nytappen Abraham von Erpecom Henriksson Schiøtt.

Frå 1813 og i ei mest utbroten line heilt fram til 1891 var det folk frå Foss-familien som styrde på Nytappen. Den første frå denne familien var Jens Andreas Foss (1799-ca. 1854) som m.a. var med og skipa Sogndal Sparebank i 1841. Etter denne familien vart namnet på Nytappen endra til Fossetunet.

I 1891 kom Daniel Danielsen frå Bryggja i Nordfjord og tok over Nytappen, der han m.a. bygde Danielsens Hotell. Kring 1840 kom også skomakarmeister B. Heitmann frå Bergen og slo seg til som den tredje kremmaren i Sogndal ved sida av dei som alt dreiv på Hofslund og Nytappen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011