Tonje Norheim

Tonje Norheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Tonje Norheim fødd 1977 i Sogndal, busett på Nordfjordeid. Alpinist og skiinstruktør.
Tok gull i junior-NM i 1996. Hevda seg i den nasjonale toppen i utfor og super-G, og køyrde fleire E-cup- og World Cup-renn før ho etter ein skade i 1999 måtte leggje opp som aktiv utøvar.
Vart i 2002 tilsett som krinstrenar i alpint i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.08.2011