Hopp til innhold
X
Innhald

Tord Dale

Tord Dale fødd 1979, frå Sogndal. Sjukepleiar og Arbeidarparti-politikar. Han vart i 2009 tilsett som politisk sekretær i Barne- og likestillingsdepartementet. I 2010 vart han politisk rådgjevar for helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm Erichsen. I 2011 vikarierte han som statssekretær i same departementet. I 2012 vart han utnemnd til politisk sekretær i Fiskeri- og kystdepartementet.

Dale har vore fylkesleiar i AUF og fylkessekretær for organisasjonen i Sogn og Fjordane. Som fylkesleiar var han medlem av sentralstyret i AUF.

Dale var medlem av fylkestinget frå 2003 til 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2012