Hopp til innhold
X
Innhald

Transport- og rutebilselskap i Sogndal

Buss frå Fjord1 Sogn Billag på ferjekaia i Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Buss frå Fjord1 Sogn Billag på ferjekaia i Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Den første rutebilen i Sogndal

I 1916 gjekk hotelleigar Peder J. Næss ved Hofslund Hotell i brodden for skipinga av aksjeselskapet Indre Sogn Automobilselskap.

Indre Sogns Automobilselskap A/S

skipa 1916 - sjå: Den første rutebilen i Sogndal.

Indre Sogns Automobillag

skipa i 1926 - sjå: Den første rutebilen i Sogndal.

S-50, ein av bilane til Fjærland Billag som m.a. vart brukt til å frakte turistane opp til breane.

S-50, ein av bilane til Fjærland Billag som m.a. vart brukt til å frakte turistane opp til breane.

Fjærland Billag L/L

vart skipa i 1926 som eit framhald av Fjærland Skysslag frå 1889. Dette lokale billaget stod for den lokale rutekøyringa og turisttrafikken i Fjærland fram til samanslåing med Firda Billag i 1984. - Les meir om skysslaget og billaget i eigen artikkel: Turistbygda Fjærland.

John Vangsnes bak rattet i ein av bilane til Fjærland Billag.

John Vangsnes bak rattet i ein av bilane til Fjærland Billag.

Sogn Billag L/L

vart skipa i 1936.

Fjord1 Sogn Billag

- sjå Sogn Billag L/L.

Nettbuss Sogn Billag

- sjå Sogn Billag L/L.

Fjord1 Sogn Billag-vogntog på Linjegodsterminalen på Kaupangerskogen i 2007. Linjegods har etter det gått inn i Schenker Norge AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjord1 Sogn Billag-vogntog på Linjegodsterminalen på Kaupangerskogen i 2007. Linjegods har etter det gått inn i Schenker Norge AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kåre Hollekve

starta som lastebilsjåfør i 1937 og vart ein av pionerane i fruktkøyringa til Trondheim og Oslo like etter 2. verdskrig. Hausten 1948 køyrde han 38 slike frukttransportar over fjella. Hollekve dreiv også drosjetransport.

Slinde Transport AS

I 1943 starta Arne Slinde som lastebilsjåfør, og bygde verksemda ut til eitt av dei største transportselskapa i Sogn - Slinde Transport.

Tollpost Globe AS

- sjå Slinde Transport AS.

Slinde Eigedom AS

- sjå Slinde Transport AS.

Lerum Frakt BA

- sjå Lerum-konsernet og Standnes Transport AS (under).

Standnes Transport AS

vart starta i 2008 av Jomar Standnes. Han var ein av åtte transportørar som då starta Lerum Frakt BA, som køyrer Lerum-produkta ut til heile landet. I 2010 eig Standnes Transport AS åtte vogntog.

Ein av bilane til Standnes Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av bilane til Standnes Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2012