Hopp til innhold
X
Innhald

Tre meieri i Fjærland

Fire karar samla framfor Haugen Meieri i 1936, same året som meieriet vart rive. Frå venstre Olav Tjugum, Jens Bøthun, Erlend Waatevik og Tor Våtevik. Ukjend fotograf. Eigar: Ivar Erlend Waatevik. © Fylkesarkivet.

Fire karar samla framfor Haugen Meieri i 1936, same året som meieriet vart rive. Frå venstre Olav Tjugum, Jens Bøthun, Erlend Waatevik og Tor Våtevik. Ukjend fotograf. Eigar: Ivar Erlend Waatevik. © Fylkesarkivet.

Fjærland fekk sine to første meieri på Bøyum og i Mundal i 1896.

I 1902 fekk bygda sitt tredje meieri - Haugen Meieri, som tok over leverandørane til Mundal meieri då dette vart lagt ned i 1905. Fjærland Meieri på Bøyum vart bygt i 1936 som eit fellesmeieri som avløyste dei andre småmeieria i bygda. Dette meieriet produserte for det meste smør, men freista seg også på gamalost.

I 1971 vart Fjærland Meieri slege saman med Vik Meieri, og meieriet i Fjærland lagt ned.

Les meir om: Meierihistoria i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011