Hopp til innhold
X
Innhald

Turismen skapte vevtradisjon

Teppeveving vart ei inntektskjelde då kjøpesterke turistar tok til å strøyme til Fjærland. Her er Gunnhild Vangsnes (til venstre) og Svanhild Reinen i arbeid. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Haugen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Teppeveving vart ei inntektskjelde då kjøpesterke turistar tok til å strøyme til Fjærland. Her er Gunnhild Vangsnes (til venstre) og Svanhild Reinen i arbeid. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Haugen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fjærlands-kvinnene gjekk på kurs og lærte seg veving.

Klaudine Skarestad, Brita Dahle og Anna Mundal og Sunni Mundahl var føregangskvinner for den sterke vevtradisjonen som voks fram i bygda.

Når turistane steig i land frå dei flytande hotella, sto fjærlendingane på rekkje og rad innetter strandvegen med vevnader og souvenirartiklar som dei baud fram for sal.

Hotellvertinna Brita Dahle (f. Mundal) hadde gått på vevkursa som den seinare statsministerfrua Randi Blehr skipa til i Lærdal på 1870-talet. Her var Kjerstina Vangsnes lærar. Brita Dahle lærte opp tenestejentene på hotellet i veving. Dei fekk såleis heilårsarbeid ved at dei arbeidde i vevstova hennar utanom turistsesongen. Ofte kunne det sitje sju jenter side om side i oppstadvevstolane i Fjærland for å veve spesielle teppe på 5-7 meters lengde.

I alt vart det i tida frå 1899 til 1914 registrert 66 lokale produsentar til souvenirkiosken som Hotel Mundal dreiv. Av desse var 13 kvinner. Også biletveverske Brita Hønsi frå Vik leverte arbeid for sal gjennom hotellet i Fjærland. Fjærlands-kvinner reiste også til Gudvangen for å selje vev og andre souvenirar i turistsesongen.

Les meir om: Turistbygda Fjærland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011