Hopp til innhold
X
Innhald

Turistbygda Fjærland

Turistrute på Fjærlandsfjorden. Foto: Eivind Hjellum.

Turistrute på Fjærlandsfjorden. Foto: Eivind Hjellum.

Heilt frå dei første utanlandske turistane tok til å strøyme til dei vestlandske fjordane midt på 1800-talet, har Fjærland med sine svimlande fjell og mektige brearmar vore eit viktig reisemål.

Ingen andre stader på Vestlandet strekte brearmane seg så langt ned til fjorden som Supphellebreen og Bøyabreen i Fjærland. - Bygda vart forresten i gamalnorsk tid kalla «Fjordland».

Bøyabréen låg heilt ned i vatnet rundt 1900 og var eit naturleg motiv for dei som livnærte seg med å ta foto til prospektkort. Foto: Andreas Matias Andersen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bøyabréen låg heilt ned i vatnet rundt 1900 og var eit naturleg motiv for dei som livnærte seg med å ta foto til prospektkort. Foto: Andreas Matias Andersen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den første brekryssinga

Dei første turistane som kom til bygda, vart rodde i land frå dampbåten til Stølaholmen på austsida av elvedeltaet. Bøndene i bygda fekk kjærkomne ekstrainntekter med skyssing av turistane opp under brefronten. Andre utnytta kunnskapane sin om fjell og bre ved å verte breførarar. Den første var Mikkel Mundal, som saman med den kjende britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby gjorde den første «turistkryssinga» av Jostedalsbreen frå Fjærland til Jølster tidleg på 1880-talet.

Hotel Mundal i 1895.

Hotel Mundal i 1895.

Hotell i 1891

Mikkel var elles handelsmann ved dampskipskaia i Mundal, og i 1891 bygde han saman med andre slektningar Hotel Mundal. Hotellet står framleis nokolunde slik som det gjorde kring 1900 både innvendes og utvendes i fasaden mot fjorden. I 1935 bygde Jon Mundal Fjærland Pensjonat ved sjøkanten i Mundal, og seinare er det bygt fleire campingplassar i bygda.

Turistskip på Fjærlandsfjorden. Truleg er biletet teke etter andre verdskrigen. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turistskip på Fjærlandsfjorden. Truleg er biletet teke etter andre verdskrigen. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Flytande hotell

I mange år var Fjærland ein viktig stopp for turistskipa - det som i dampdrifta si tid gjerne vart kalla «flytande hotell». Turistskipstrafikken til Noreg starta med britiske «Midnight Sun» i 1894. Seinare var det særleg turistskip frå Nederland og England som hadde Fjærland som fast stopp på Noregs-ferda. I året 1929 vitja heile 20 flytande hotell Fjærland.

Hesteskyssen med turistar som skal opp til bréen passerer Bøyum i 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Mundal/Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Hesteskyssen med turistar som skal opp til bréen passerer Bøyum i 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Mundal/Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Eige skysslag

Då dei flytande hotella kom med hundrevis av passasjerar kravde det ei fastare organisering av hesteskyssen opp til breen. Bøndene gjekk saman i skiping av Fjærland Skydslag i 1889. Laget kunne stille opptil 70 vogner på same tid. Laget hadde ansvaret for å halde vegane opp til breen ved like.

Mundal ca. 1890. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Mundal ca. 1890. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Starta billag

Hotel Mundal kjøpte også ein staseleg Cadillac som hotellbil, og saman med skysslaget skipa hotelleigarane Fjærland Billag i 1926. Men den populære skyssinga med hest gjekk parallelt med bilskyssen heilt fram til 2. verdskrig. Det vesle billaget var i drift som eige lag til 1984, då det gjekk inn i Firda Billag. To år etter opna Fjærlandstunnelen mot Sunnfjord.

Bøyabreen i 2007 er ikkje så imponerande som i 1900 (sjå foto øvst på sida). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bøyabreen i 2007 er ikkje så imponerande som i 1900 (sjå foto øvst på sida). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Keisar Wilhelm og Fjærland

Keisar Wilhelm II fekk sansen for Vestlandsfjordane, og drog med det andre kongelege etter seg - også til Fjærland. Sjølv vitja keisaren Balestrand og Fjærland årvisst heilt fram til første verdskrig i 1914, og arrangerte gjerne isras frå Jostedalsbreen ved å sende matrosar opp i fjellet for å bryte laus isblokker! Les meir i artikkelen Keisar Wilhelm II og Balestrand.

Attentatplanar mot keisaren

Det var ufred i Europa - særleg på Balkan - i dei første tiåra av 1900-talet. Vaktene kring keisaren ottast ofte for tryggleiken hans når han ferdast i Sogn. Og kan hende hadde dei ein grunn til det? Ei dramatisk hending i 1911, då ein fann tre utlendingar skotne på eit hotellrom på Leikanger, vekte oppstyr i verdspressa og vart sett i samband med ei vitjing av keiser Wilhelm II i Fjærland dagen før. Les meir i artikkelen Spionar med attentatplanar mot keisaren under Leikanger kommune.

Konge- og keisarvitjingar i Fjærland

Ein av dei mest spektakulære visittane var nok då maharinaen av Baroda i India vitja Fjærland med eigen yacht.

Turismen skapte vevtradisjon

Den styrtrike indiske kvinna var ikkje den einaste som kjøpte vakker husflid i bygda.

Hans Fredrik Gude: Indre Fjærlandsfjord i Sogn. © Blomqvist Kunsthandel.

Hans Fredrik Gude: Indre Fjærlandsfjord i Sogn. © Blomqvist Kunsthandel.

Kunstnarane vitja Fjærland

Fjærlands-naturen lokka ei mengd kjende biletkunstnarar til bygda.

Anders I. Øygard var breførar, og han bygde Flatbrehytta.

Anders I. Øygard var breførar, og han bygde Flatbrehytta.

Breførarar og brehytte

Fjærland har fostra mange dyktige breførarar.

Norsk Bremuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Bremuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum i Fjærland har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Sogn og Fjordane.

Brævasshytta

Like under Bøyabreen er det bygd ei turisthytte som heiter Brævasshytta. Denne vart monaleg utvida etter at Fjærlandstunnelen opna i 1986, og har m.a. panaromavindauge opp mot brefallet.

Brævasshytta. Det vi ser er den opphavelege hytta. Til venstre er hytta påbygd med panoramavindauge mot Bøyabréen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brævasshytta. Det vi ser er den opphavelege hytta. Til venstre er hytta påbygd med panoramavindauge mot Bøyabréen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samferdsla i Fjærland

Fram til 1994 vart Fjærlandsfjorden trafikkert av ferje mellom Mundal og Hella. Opninga av tunnelsamband gjennom Bergetunnelen og Frudalstunnelen mot Sogndal i 1994 gav ein ny framskuv for Fjærland som ei moderne turistbygd. Fylkesbaatane og andre selskap har i turistsesongen drive båtruter mellom Fjærland og Gudvangen.

I Mundal er alle ledige hus tekne i bruk av Den Norske Bokbyen. Denne bygningen ved ferjekaia er blitt antikvariat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Mundal er alle ledige hus tekne i bruk av Den Norske Bokbyen. Denne bygningen ved ferjekaia er blitt antikvariat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den Norske Bokbyen i Fjærland

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den norske Bokbyen med kring 200.000 bøker for sal.

Gardingane ved Fjærlandsfjorden

I Fjærland har folk i Fjærland ei eiga nemning for folk som bur på dei einbølte gardane ut etter den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011