Hopp til innhold
X
Innhald

Tverrsambandet Skei-Sogndal-Lærdal

Tverrsambandet vart delvis finansiert av bompengar. Frå 1994 til 2010 måtte bilistane stanse i Fjærland og betale. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tverrsambandet vart delvis finansiert av bompengar. Frå 1994 til 2010 måtte bilistane stanse i Fjærland og betale. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då det nye, ferjefrie sambandet mellom Sogndal og Skei vart opna i 1994, innebar det ein av dei viktigaste milepælane i samferdslehistoria i Sogn og Fjordane. Brått var det meste av fylket bunde saman med eit vegnett med god standard, heilt frå Lærdal i aust og til Florø og Måløy i vest. Det såkalla ”Tverrsambandet” korta ned reisetida mellom Sogndal og Førde til ein fjerdepart av kva den var tidlegare. Den samla innkortinga av køyretida frå Florø til Lærdal er frå sju timar før og tre timar etter at dei store tunnelane på riksveg 5 vart bygde.

Riksveg 5 gjennom Bøyadalen med Vetlebreen og Bøyabreen som blikkfang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksveg 5 gjennom Bøyadalen med Vetlebreen og Bøyabreen som blikkfang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland-Skei

Vegen Fjærland-Skei med Fjærlandstunnelen på 6.397 meter vart opna i 1986 etter ein hard kappestrid med Høyanger-lina om kva som skulle verte tverrsambandet gjennom fylket. – Les meir om denne striden og gjennomføringa av tunnelprosjektet frå Skei til Fjærland under Jølster kommune i artikkelen: Kampen om tverrsambandet under Jølster kommune.

Sauene i Sogndalsdalen tek den sterkt auka trafikken gjennom dalen med stor ro. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sauene i Sogndalsdalen tek den sterkt auka trafikken gjennom dalen med stor ro. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksvegen Sogndal–Fjærland

vart opna i 1994, og knytte indre Sogn til resten av fylket med heilårs vegsamband.

Kaupanger–Mannheller

med den 2969 meter lange Amlatunnelen vart opna i 1995.

På dette biletet ser vi nye riksveg 5 mellom Kaupangerskogen og Mannheller oppe i lia over Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi nye riksveg 5 mellom Kaupangerskogen og Mannheller oppe i lia over Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011