Hopp til innhold
X
Innhald

Ubåten i Sognefjorden

Ein norsk fregatt leitar etter ubåt i Sognefjorden i 1972.

Ein norsk fregatt leitar etter ubåt i Sognefjorden i 1972.

I november 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden. Politiet og Forsvaret hadde fått fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ubåten. Ei av dei beste registreringane var gjort i Sogndalsfjorden.

Det starta med at fleire personar på Vangsnes i Vik kommune såg eit periskop i vassflata på den blanke Sognefjorden søndag den 12. november omlag klokka 14.30. Ein av dei, Mons Langeteig, varsla Sjøforsvaret.

16 marinefarty og tre helikopter

Etter kvart kom fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og tre helikopter til Sognefjorden for å delta i leitinga. Det vart leitt i 16 dagar, og hotella i Sogndal og Leikanger vart fylte opp med journalistar frå store deler av verda. Dette var medan den kalde krigen var på det kaldaste, og dersom dei norske marinefartya hadde greidd å tvinge ein ubåt frå eit austblokkland til overflata, så ville det ha vore ei svært dramatisk hending.

"Mystisk marinefarty"

Munningen av Sognefjorden vart nærmast stengt av marineskipa som skulle hindre ubåten i å sleppe ut. Eit mystisk marinefarty vart først tolka som eit russisk skip som var på veg for å fri ut ubåtmannskapet sitt frå klemma – før ein oppdaga at det var eit fransk militært skulefarty på fredeleg oppdrag i Sogn!

Pulveriserte gamalt bussvrak

Men dei fekk aldri opp nokon ubåt. I Sogndalsfjorden vart det avfyrt rakettar mot noko som dei ei stund trudde var ein ubåt, men det viste seg å vere eit gamalt bussvrak som var dumpa i fjorden.

- Aldri kontakt med ubåt

- Aldri kontakt med ubåt

Sjefen for leitinga i 1972, seinare kontréadmiral og generalinspektør for Sjøforsvaret, Bjarne Grimstvedt, sa i november 2005 at dei aldri hadde nokon kontakt som stadfesta at det var nokon framand ubåt. Han fortalde då til Bergens Tidende at det gjerne var ein lang hale av bilar på land med pressefolk og andre nysgjerrige som fylgde marinefartya. Ein gong fann dei ut av dei ville ha det litt moro med desse. Då tok KNM «Trondheim» og bråsnudde, og dette skapte fullt kaos på vegen då alle dei nysgjerrige prøvde å snu samstundes.

Johan Kleppe som var forsvarsminister i 1972. Foto: NRK.

Johan Kleppe som var forsvarsminister i 1972. Foto: NRK.

- Ubåten var sovjetisk

Først i 2005 valde forsvarministeren frå den gongen, Johan Kleppe (Sp), å fortelje sanninga kring ubåtjakta i Sognefjorden: Frå sin faste observasjonspost ved Øresund hadde NATO registrert ei gruppe austeuropeiske ubåtar på veg ut i Nordsjøen. Etter at dei hadde passert Øresund, miste vestlege militære kontakten med ein av desse ubåtane.

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Foto: NRK.

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Foto: NRK.

Nokre dagar seinare kom rapportane om ubåtobservasjonar ved Vangsnes i Sognefjorden. Forklaringa på korleis periskop m.m. såg ut etterlet ingen tvil mellom militære ekspertar om at det var ein sovjetisk ubåt som ulovleg hadde teke seg inn i norsk territorialfarvatn. Kleppe valde å gå ut med desse opplysningane etter at høgtståande militære som hadde teke del i leitinga, endå ein gong hadde hevda at dei ikkje hadde kontakt med nokon framand ubåt i Sognefjorden.

Fleire observasjonar

Også seinare vart det gjort observasjonar som kunne tyde på at det var framande ubåtar på ferde i Sognefjorden. Det vart sett i gang mislukka leiting, men desse episodane vekte ikkje den same merksemda som den første.

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Politiet og forsvaret fekk fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ein framand ubåt i fjorden. Arkivfoto NRK.

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Politiet og forsvaret fekk fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ein framand ubåt i fjorden. Arkivfoto NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011