Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Sogndal

Ras frå fjellsider og brear er noko ein må rekne med, og på Øygard i Supphelledalen kom det enorme mengder med stein og  anna masse ned på bøane då oppdemt vatn braut gjennom ein brekant i mai 2004. Til alt hell gjekk det ikkje med menneskeliv, men 140 mål med innmark på Øygard vart dekt av rasmassar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende, tekne med.

1699

I 1699 vart eit heilt gardstun på Ødejord i Fjærland teke av snøras. Husbonden og dei fleste som budde på garden og alt bufeet strauk med, berre kona på garden og stesonen hennar overlevde. Etter ulukka vart husa flytta lengre fram i dalen.

1711

I 1711 omkom ein mann frå Ølnes i eit steinskred.

1779

I 1779 drukna ein 19 år gamal mann frå garden Stigen ved Lereim då han gjekk gjennom fjordisen på nyttårsdag.

1785

I 1785 drukna ni menneske i eit brurefylgje ved Kjørnes då robåten deira vart kasta rundt i stormen. Dei omkomne var frå Kaupangerskogen og var på veg til kyrkja på Stedje då ulukka hende.

Kjørnes sett frå Stedje. Ni menneske drukna då dei var på veg til bryllaup i kyrkja på Stedje i 1785. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjørnes sett frå Stedje. Ni menneske drukna då dei var på veg til bryllaup i kyrkja på Stedje i 1785. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1794

I 1794 drukna den 38 år gamle Baard Gjestsson Fjæren. Dette var far til meistertjuven Gjest Baardsen.

1798

I 1798 drukna ein 51 år gamal mann frå Ølnes.

1801

I 1801 vart ein mann frå Fjærland drepen av bjørn under bjørnejakt i Supphelledalen. Sjå Bjørn drap mann i Fjærland.

Skredvinteren i 1811

Vinteren 1811 var ein av dei verste ulukkesvintrane som ein kjenner til på Vestlandet. Den verste ulukka hende i Arnafjorden, sjå: Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv.

På Viki ved Fjærlandsfjorden tok eit stort skred med seg alle dei sju gardshusa. Ein tenestedreng vart drepen og ei jente vart hardt skadd. Dei fire andre i husa kom seg toleg bra frå ulukka, men både jordvegen og alt på garden var øydelagt.

1825

I 1825 drukna ei ungjente og to unge gutar frå Kvåle ved Kjørnes då dei skulle ro over fjorden med ei last lyng.

1829

I 1829 drukna ein 29 år gamal mann frå Fretland på ein tur til Bergen.

1830

I 1830 drukna ein 29 år gamal skreddar frå garden Reppen i eit forlis på Sognefjorden.

ca. 1830

Kring 1830 reiv eit snøskred stova av murane på ein gard på Tufte i Fjærland. Folket måtte berge seg ut ljoren. Stova vart flytta, men vart no teken av ein vassflaum. Etter denne hendinga flytta huslyden til Amerika i 1856.

1834

I 1834 drukna to brør på 29 og 24 år og to menn frå Barsnes då dei vart overraska av ein storm på heimveg frå kyrkja på Stedje.

Raset i 1836 kom ned bak fjellsida til venstre og gjekk opp att på andre sida av dalen, der husa på Vatlestad stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Raset i 1836 kom ned bak fjellsida til venstre og gjekk opp att på andre sida av dalen, der husa på Vatlestad stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skredulukka på Vatlestad 1836

Skredulukka i Øvstedalen ved Fardal i 1836 er ein av dei største naturkatastrofane som har råka Sogn i nyare tid. 16 menneske omkom.

1836

I 1836, på same tid som ulukka på Vatlestad, omkom to menneske då husa på garden tuftene i Mundal vart tekne av eit snøras.

Ca. 1850

Ca. 1850 omkom to unge brør frå garden Våtevik i Fjærland då tunet på garden Øygard vart råka av eit snøskred.

Øygard i Fjærland, der to gutar vart tekne av ras rundt 1850. I 2004 gjekk eit stort ras som dekte mykje av innmarka på Øygard med stein, grus og slam. Steinvollen vi ser til venstre er bygd for å leie eventuelle nye ras unna garden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1855

I 1855 drukna ei kone frå Mundal i Fjærland då sjøisen brotna under kjelken ho sat på. Ektemannen som drog kjelken, berga seg, men fire born vart morlause.

Ca. 1855

Ca. 1855 drukna ein ca. 14 år gamal gut frå Ølnes då han gjekk gjennom isen i Kimmensundet.

1859

I 1859 vart ein fem år gamal gut drepen på garden Resaland då snø og bord ramla ned frå eit hustak.

1862

I 1862 drukna ein 77 år gamal mann frå garden Resaland i Sogndalsdalen.

Uversvinteren 1873 i Sogndal

I 1873 miste fire menneske på ein plass ved Øyrahagen i Øvstedalen livet i eit jord- og snøskred.

Storbrannen på Arvål

I 1874 brann 21 bygningar, derav fem bustadhus, i gardstunet på Arvål i Sogndal ned.

Halsavatnet, der ein ungdom drukna i 1878. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Halsavatnet, der ein ungdom drukna i 1878. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1878

I 1878 drukna ein 21 år gamal mann frå Gurvin under bading i Halsavatnet.

Minnesteinen over den tyske offiseren som omkom i ei fallulukke i 1910. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnesteinen over den tyske offiseren som omkom i ei fallulukke i 1910. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1897

I 1897 drukna ein mann frå Ølnes. Omstenda er ikkje kjende.

1910

I 1910 omkom ein tysk marineoffiser i Fjærland då han fall utfor eit fjell på sørsida av Bøyadalen. Løytnanten, som var i den tyske keisar Wilhelm II sitt fylgje, gjekk seg utfor etter ein bretur saman med nokre soldatkameratar. Stader der han fall utfor, vart sidan kalla Tyskarbotn, og fjellet austafor for Tyskarnipa. På grava hans i Fjærland er sett opp ein minnestein med innskrift om ulukka.

I 1910 drukna ein mann frå Romøyri etter kollsigling på Fjærlandsfjorden.

1922

I 1922 omkom ein 12 år gamal gut frå Ruggesete i ei ulukke i Frudalen.

1923

I 1923 drukna tre gutar frå Fjærland då robåten dei sat i vart treft av bylgjene frå rutebåten «Kvamsøy» og kantra. Ein fjerde gut ombord berga seg på båtkvelvet.

1926

I 1926 omkom ein 28 år gamal mann frå Hundere i ei ulukke i Evanger.

Midtunet i Øvstedalen før 1928. Den 5. februar det året tok eit snøras husa midt på biletet, og eit ektepar omkom. Privat foto

Midtunet i Øvstedalen før 1928. Den 5. februar det året tok eit snøras husa midt på biletet, og eit ektepar omkom. Privat foto

Rasvinteren 1928

Tidleg i februar fall det 1-2 meter snø i Sogndal, og den 5. februar 1928 omkom eit ektepar i Øvstedalen då garden deira vart øydelagd av snøras. Tre born som låg i same huset, overlevde og fekk varsla om ulukka. Same dagen gjorde snøras stor skade fleire stader oppover Sogndalsdalen. Fleire fjøs vart tekne av ras, og dyr omkom. 100 mann arbeidde i to dagar for å opne vegen fram Sogndalsdalen. Rasa gjorde skade for nærmare 80.000 kroner, og 115 personar fekk skadeerstatning.

Midtunet i 2008. Husa som vart tekne av ras i 1928 stod på den grøne vollen til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Midtunet i 2008. Husa som vart tekne av ras i 1928 stod på den grøne vollen til høgre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1937

Den første alvorlege bilulukka i Sogndal bar til i 1937 då ein ung mann køyrde utfor vegen på Stedje og drap seg.

1948

I 1948 drukna ein 53 år gamal mann ved kaia i Fardal. Han var handelsmann i bygda.

1953

I 1953 omkom ein 22 år gamal mann frå Sogndal i ei bilulukke.

ca. 1955

To unge menn frå Sogndal omkom kring 1955 då ein lastebil køyrde utfor vegen i Norane.

1960

I 1960 vart to smågutar på Norane drepne då dei vart påkøyrde av ein bil frå Sunnfjord.

1965

I 1965 strauk alle uthusa på to gardar i det tettbygde tunet på Skjeldestad med i ein brann. Etter dette valde det eine bruket å byggje opp att husa på ein annan stad på garden.

1965

I 1965 omkom ein mann, og to andre personar vart alvorleg skadde, då «Tårnhuset» i Fjøra brann.

Ulukke med jagarfly i 1980

I 1980 kutta eit tysk jagarfly luftspennet over Fjærlandsfjorden mellom Rauboti og Lidal. Flyet styrta i fjorden, men dei to pilotane berga seg ved å skyte seg ut. Jagarflyet flaug ulovleg lågt utover Fjærlandsfjorden då ulukka hende.

Vådeskot i 1980

Ved ei vådeskotsulukke under hjortejakt på Fimreite i 1980 vart ein mann skoten av sonen. Skyttaren vart frikjend.

1991

Ved ei vådeskotsulukke under hjortejakt i Kaupanger i 1991 vart ein far skoten av sonen. Skyttaren vart frikjend.

1994

I 1994 drukna ein student og ein fransk kvinneleg forskar ved Høgskulen etter at sjarken som dei nytta til forskingstråling i Sognefjorden, sokk ved Frønningen. Dei to omkomne vart funne, men båten som var eigd av aquastasjonen på Skjer vart ikkje funnen, trass i intens leiting.

2001

I 2001 omkom ein ung mann frå Askvoll då han gjekk gjennom isen på Sogndalselvi. Han vart funnen etter langvarig leiting der også miniubåt vart nytta.

Elvepadling i Bøyaelvi har kravd to menneskeliv, den eine ulukka var i 2003, den andre i 2004. Etter den siste ulukka vart kajakken ståande i tre år ved elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elvepadling i Bøyaelvi har kravd to menneskeliv, den eine ulukka var i 2003, den andre i 2004. Etter den siste ulukka vart kajakken ståande i tre år ved elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

2003

I 2003 omkom ein nederlandsk padlar i Bøyaelvi i Fjærland, og i 2004 omkom ein italiensk padlar på den same staden i elva.

2006

I 2006 omkom ein mann frå New Zealand under padling i Sogndalselvi.

2008

I 2008 omkom ein russar under padling i Sogndalselvi.

Dei to bilane som frontkolliderte i Amlatunnelen i oktober 2010. Foto: Sondre Dalaker.

Dei to bilane som frontkolliderte i Amlatunnelen i oktober 2010. Foto: Sondre Dalaker.

2010

2010

i oktober 2010 omkom ei kvinne frå Kaupanger i ei trafikkulukke i Amlatunnelen.

2013

Den 26. april 2013 miste ei 15 år gamal jente livet då bilen ho var passasjer i vart treft av ein stein på fylkesveg 55 ved Årøy.

Bilen vart knust av steinen som kom ned fjellsida ved Årøy. Foto: Rune Sjøberg.

Bilen vart knust av steinen som kom ned fjellsida ved Årøy. Foto: Rune Sjøberg.

12. august 2013 omkom to kvinner, ei norsk og ei taiwansk, då to bussar kolliderte på riksveg 55 i Fardal. I tillegg vart to personar alvorleg skadde og åtte lettare skadde.

To bussar kolliderte på riksveg 55 i Fardal, og to kvinner omkom. Foto: Christian Blom.

To bussar kolliderte på riksveg 55 i Fardal, og to kvinner omkom. Foto: Christian Blom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.12.2013