Hopp til innhold
X
Innhald

Uversvinteren 1873 i Sogndal

Den 9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av til saman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.

Hardast råka vart ein familie ved Årdalsfjorden, der åtte menneske vart drepne, i Borlaugshagen i Lærdal vart sju familiemedlemmer drepne, og på ein husmannsplass i Kinsedal i Luster omkom to menneske.

Før mildveret med sju varmegrader sette inn, hadde det falle store snømengder.

På plassen Øyrahagen ved Fardal miste fire menneske livet i eit jord- og snøskred under denne uversofsen. Skredet øydela også ei stove i eit tun lengre nede, og var så stort at det gjekk heilt til fjords.

- Les meir om desse ulukkene under Ulukker i Lærdal, Ulukker i Luster og Naturskader og ulukker i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011