Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsforsking

Kåre Kalstad var den første direktøren i Vestlandsforsking.

Kåre Kalstad var den første direktøren i Vestlandsforsking.

Kåre Kalstad var den første direktøren i Vestlandsforsking.

Stiftinga Vestlandsforsking i Sogndal vart skipa i 1985 med Sogn og Fjordane fylkeskommune som formell stiftar.

Heilt sidan starten har Vestlandsforsking hatt eit tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, og forskarar frå Høgskulen tek også del i forskingsinstituttet sine prosjekt.

Vestlandsforsking driv oppdragsforsking for offentlege og private oppdragsgjevarar. Vestlandsforsking har kontora sine i Sognahallen, og har kring 30 tilsette.

I 2007 starta Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane eit senter for geoturisme og berekraftig reiseliv.

Direktørar for Vestlandsforsking har vore:

  • Kåre Kalstad 1985-1987
  • Karl Georg Høyer 1987-1991
  • Jan Per Styve 1991-1997
  • Marit Orheim Mauritzen 1997-2005
  • Agnes Landstad 2005-

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011