Hopp til innhold
X
Innhald

Von om kongegrav på Kvam

På garden Kvam på vestsida av Barsnesfjorden er det gjort fleire gravfunn. Framme på kanten av ei reine låg ein gravhaug. Staden vert kalla Torhaug. Grava vart opna utan statsløyve i 1890-åra av engelskmannen Cennard som då var i bygda for å fiske laks i Årøy.

Etter segna var det ein småkonge som heitte Tor som var gravlagd i haugen, og haugen hans skulle etter segna løyne ein stor skatt.

Inne i haugen fann dei "diverre" berre ei kistegrav med ein koparkjel fylt med oske. Dette var såleis ei vanleg branngrav frå eldre jernalder, og ingen skatt var å finne.

Lensmann Lem kverrsette koparkjelen og fekk den send til Bergen Muséum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011