Hopp til innhold
X
Innhald

Walter Mondale

Walter Mondale i lusekofte på vitjing i Fjærland.

Walter Mondale i lusekofte på vitjing i Fjærland.

Walter F. Mondale (fødd 1928) frå Minnesota, USA, stammar frå Fjærland. Jurist og amerikansk visepresident. Var Demokratane sin visepresident under Jimmy Carter 1977-1981.

Interessert i ætterøtene

Han har vore sterkt oppteken av ætterøtene sine, og har vitja Fjærland to gonger. Oldefaren til Mondale heitte Fredrik Person Vangsnes og kom frå Vangsnes i Vik kommune. Han gifta seg med Brita Mundal frå Nedre Mundal og tok gardsnamnet der som slektsnamn. Dei emigrerte til USA i 1858.

Tapte for Reagan

I 1984 stilte Walter Mondale som presidentkandidat for Demokratane, men tapte stort for den sitjande presidenten Ronald Reagan. Under denne valkampen var Mondale den første i USA som valde ei kvinne, Geraldine Ferraro, til visepresidentkandidat.

Prøvde come-back

I 2002 freista Mondale som 74-åring eit comeback i topp-politikken, då han stilte til val som senator for Minnesota, men nådde ikkje opp. Mondale vert av mange omtala som ein av dei sterkaste demokratiske leiarane i USA på 1900-talet.

Vitja Fjærland i 1979

Det vekte stor oppsikt då Walter Mondale som visepresident vitja bygda han ætta frå i 1979. Før visepresidenten steig i land i Fjærland, vart bygda og hotellet - og til og med sjøbotnen kring kaia - saumfare av amerikanske sikringsvakter. I eit par dagar sette verdspressa den vesle fjordbygda på ende.

Walter Mondale då han opna Fjærlandstunnelen i 1986. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Walter Mondale då han opna Fjærlandstunnelen i 1986. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Opna Fjærlandstunnelen

Walter Mondale kom tilbake i 1986 for å opne Fjærlandstunnelen under Jostedalsbreen. Han hadde også vore på ei meir «anonym» gjesting i Fjærland før han vart visepresident, og kom tilbake også i 1999.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011