Hopp til innhold
X
Innhald

Wilfred Burton Rowley Kennedy

Wilfred Burton Rowley Kennedy (1863-1894) frå Ulverstone i England, busett på Bahus i Sogndal. Fabrikkeigar i Sogndal. Kennedy kom frå ein rik familie og hadde ei tid vore i Afrika før han kom til Sogndal på slutten av 1880-talet.

Mannen hadde ei tid vore i Afrika før han kom til Sogndal på slutten av 1880-talet. Då han kjøpte garden Bahus, kalla han eigedomen «Ulverstone».

Alkhol og morfin

Han hadde vore gift med kvinne frå Bremen. Han lei av astma, og folk meinte han hadde gjort seg sterkt avhengig av alkolhol og morfin.

I Sogndal kjøpte han bygningane etter Sogndal Tændstikfabrik og starta Sognefjordens Uldvarefabrikk i 1887. Ullvarefabrikken selde han i 1888 til Nils Landmark Lem med fleire.

Bahus, der Kennedy budde.

Bahus, der Kennedy budde.

Største laksen nokon gong

Kennedy bygde også hytter i Årøy og på Beistehaugen. På 1890-talet fiska han ein laks på 34,1 kilo kilo i Årøyelva - den største laksen som er teken i elva nokon gong - og truleg også på sportsfiske i elvar i Sogn og Fjordane i det heile.

Då han døydde 31 år gamal, fekk familien i England ta med seg den to år gamle guten til ekteparet heim att, mot at dei tilbaud den russiskfødde mora å yte henne livsopphald så lenge ho levde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011