Hopp til innhold
X
Innhald

Yngve Hallén

Yngve Hallén. Foto: Arve Uglum, NRK.

Yngve Hallén. Foto: Arve Uglum, NRK.

Yngve Hallén fødd 1968 i Bergen, oppvaksen i Alversund, busett i Sogndal. Fotballeiar.

Hallén kom til Sogndal som student på HSF i 1988, og var politisk nestleiar i Distriktshøgskolestudentenes Landsforbund frå 1992 til 1993. Han arbeidde etter det i Aetat, Sogn Etablerarsenter og som journalist i Sogn Dagblad, før han i 1997 vart dagleg leiar i Sognahallen AS.

I 2000 vart han dagleg leiar i Sogndal Fotball, og i 2010 vart han vald til president i Norges Fotballforbund.

Varaordførar i Sogndal 1999-2001 (for Arbeidarpartiet).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2010