Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Geiterøy

Omkom då motorkuttaren ”Færøy” forliste i Nordsjøen på veg til Noreg med våpen i juni 1943.

Andreas Geiterøy (1919–1943) frå Solund. Fiskar og medlem av Shetlandsgjengen. Rømde til England i 1941 og gjekk inn i Marinen der han kom med i gruppa som var leia av Leif Larsen (Shetlands-Larsen) og som utførde farefulle oppdrag med transport av våpen og agentar tilbake til Noreg.

Omkom då motorkuttaren ”Færøy” forliste i Nordsjøen på veg til Noreg med våpen i juni 1943.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2011