Hopp til innhold
X
Innhald

Båtkanalen på Tangenes

Garden Tangenes ligg ved eit vatn som ligg like ved sjøen. For å gjere det meir praktisk å kome seg til gards, skaut gardbrukaren midt på 1800-talet ut ein kanal frå sjøen til vatnet, slik at han kunne ro til tunet. Kanalen var for grunn for større båtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008