Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Ravnøy

Bernt Ravnøy laga den første tida oppdrettsforet sjølv. I 1974 utvida han stort og gjekk over frå aure til laks.

Bernt Ravnøy (1925-1980) frå Ravnøy. Fiskeoppdrettspionèr. Då han starta med oppdrett av regnbogeaure i 1964 var han ein av dei første som prøvde seg på fiskeoppdrett i Noreg. Ein annan pionèr var Erling Osland i Bjordal.

Bernt Ravnøy laga den første tida oppdrettsforet sjølv. I 1974 utvida han stort og gjekk over frå aure til laks.

Bernt Ravnøy omkom ved eit tragisk forlis i 1980 då fiskebåten «Solnes» gjekk ved Hollevikflua i Dalsfjorden. Om bord var også to av sønene til Bernt, og to andre menn. Alle miste livet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2010