Hopp til innhold
X
Innhald

Bertel Henrikson Tungodden

Bertel Tungodden.

Bertel Tungodden.

Bertel Henrikson Tungodden (1889–1955) frå Tungodden. Fiskar og organisasjonsmann.

Han eigde fiskebåtar og notbruk saman med broren Jakob. Var medlem i styret for stor- og vårsildfisket i mellomkrigstida, det som seinare vart omskipa til Noregs Sildesalslag.

Han var 1941–1955 formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag, og ein av dei fremste talsmennene for samyrketanken i fiskeria. Denne aktiviteten resulterte m.a. i fiskareigd reparasjonsverkstad for fiskebåtar i Stongfjorden 1948, og bygging av fiskemottak og – fryseri på Stad, Raudeberg, Bremanger, Bulandet og Solund (sjå Fiskerihistoria i Solund). Far til Henrik Tungodden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011