Hopp til innhold
X
Innhald

David Olai Lund

David Olai Lund (Indrevær) (1863-1925) frå Indrevær. Han vart kalla «Filippinar-Lund», og vert rekna som ein av dei fremste norske misjonærane.

Arbeidde som fiskar før han ei stund reiste rundt i Noreg som forkynnar og songar. Han gjekk predikantskule og tok medisinske kurs. Reiste til Amerika i 1890. Han fekk arbeid hos ein rik svenske som lovde David at han skulle arve han dersom han skifta etternamn frå Indrevær til Lund. Det gjorde David, og fekk arven.

Etter vidare utdanning i USA reiste han m.a. til Dei vestindiske øyane og Japan som misjonær. Men det vart på Filippinane han gjorde den største innsatsen som misjonær. Dit kom Lund i 1901. Han fekk m.a. sett opp fleire kyrkjer, og han og kona starta sundagsskule og bygde ein heim for foreldrelause jenter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008