Hopp til innhold
Einar Sverdrup. Foto frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane.
Einar Sverdrup. Foto frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Einar Sverdrup

Einar Sverdrup (1895–1942) blei fødd i Solund som son av soknepresten der.  Direktør og oberstløytnant.

Einar Sverdrup var utdanna ved Krigsskulen og som bergingeniør ved Norges Tekniske Høyskole (NTH). Han var direktør i Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S under krigsutbrotet i 1940, og drog til Storbritannia i 1941 etter at Svalbard vart evakuert.

Sverdrup var leiar for Operasjon Fritham, den første ekspedisjonen som freista å sikre den strategisk viktige posisjonen Svalbard fekk då dei store skipskonvoiane til Murmansk starta, som var forsyningar til Sovjetunionen. Gruppa reiste nordover med skipet «Isbjørn», og Sverdrup omkom då skipet vart senka av tyske fly i Grønfjorden den 14. mai 1942.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.02.2019