Hopp til innhold
X
Innhald

Erlend Filippusson til Losna

Erlend Filippusson til Losna (ca. 1330-1407). Første riksråd i den rike og mektige Losna-ætta.

Han var son til Filippus Erlendsson til Odensland og gift med syster til riksråd og høvedsmann på Bergenhus, Otte Rømer (det var denne Rømer som fekk godset etter baron Audun Hugleikson frå Jølster då han vart avretta i 1302).

Erlend vart riksråd (statsråd) i 1369, fehirde (skattmeister) i Bergen 1370-1390 og sysselmann i Nordfjord. I 1405 er han nemnt som lagmann i Bergen (dei to eksisterande handskriftene av Gulatingslova var begge eigde av Losnaætta).

Truleg budde Erlend i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2008