Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på sjøen i Solund

Kaitilhøva gjorde at rutebåtane lenge måtte bordast enkelte stader i Solund. Her har MS ”Værøy” lagt seg til på vika ved Ytrøygrend på slutten av 1930-talet. To småbåtar tek seg av frakt av gods og passasjerar til og frå land. Foto: Sara Marie Ytrøy. Eigar: Sigurd Johan Ytrøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fylkesbaatane

har gjennom tida hatt 16 stoggestader i Solund kommune. Nordfjordruta til Fylkesbaatane gjekk første åra i indre lei gjennom Krakhellesundet, men la om til ytre lei gjennom Ytre Steinsund ei kort tid, før ein gjekk tilbake til å nytte indre lei.

Krakhellesundet

fekk rutestogg på Fylkesbaatane si Sunnfjord-rute i 1862. Søren Krakhellen var i lang tid ekspeditør og bygde kai for rutebåtane.

Buskøy i 1978. Foto: Sølvi Færøvik. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Buskøy i 1978. Foto: Sølvi Færøvik. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Buskøy

fekk stjernestogg på Nordfjordruta i 1868 og fast rutestogg like etter. I mange år var Buskøy viktigaste stoggestaden for Fylkesbaatane i Solund, med stor frakt av sild. Georg Hess var ekspeditør (sjå Hess-slekta tek over på Buskøy)

Steinsundholmen

fekk rutebåtstogg på Steinsundvika i 1875 med Halvard Jensen som første ekspeditør. Den tida var det uråd for Fylkesbaatane å gå inn i Indre Steinsund. Det vart mudra og utdjupa seinare.

Nåra vart stoggestad i 1877. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nåra vart stoggestad i 1877. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nåra

fekk rutestogg i 1877 då Fylkesbaatane let Nordfjordruta gå ytre lei. Frå 1972 vart Nåra stoggestad for ekspressbåten Nordfjord-Bergen nokre få år. I dag er Nåra stoppestad for lokalruta frå Eivindvik i Gulen.

Tangenes

fekk rutestogg ei tid før 1887.

Rognsvåg

ved Kolgrov fekk rutestogg frå 1897. I 1912 vart ekspedisjonen flytta til Kolgrov.

DS Gula på veg til kai på Lågøy i 1930. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS Gula på veg til kai på Lågøy i 1930. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lågøy

fekk stjernestogg på sommarrutene frå 1900, og fast stogg frå 1912.

Nesefjord

fekk stjernestogg i Kråkenessundet i 1907.

Indrøy

vart stoggestad på lokalruta Bergen-Solund-Askvoll som starta i 1910.

Husøy

fekk rutebåtstogg i 1912 etter først å ha fått avslag i 1903 og 1906 frå Fylkesbaatane. I 1951 vart det bygt ny kai, og staden var med på lokalruta som gjekk mellom Bergen og Gulafjordane.

Kråkøysundet

vest for Hersvik vart stoggestad kring 1915, og vart i 1918 registrert som største stoggestaden i kommunen.

Losna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Losna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Losna

fekk rutestogg ca. 1918. I dag har øya anløp av ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.

Hardbakke

fekk rutestogg ca. 1930 på ei motorbåtrute Gulen-Hyllestad-Solund ein gong i veka. Frå 1950-åra fekk Hardbakke stogg av ruta Solund-Gulafjordane-Bergen

Ytrøygrend

fekk rutestogg i 1930-åra.

Den gamle dampskipskaia i Hjønnevåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle dampskipskaia i Hjønnevåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjønnevåg

fekk båtrute sommaren 1955. Då ruta vart kutta året etter, truga bygdefolket med skattestreik. Etter forhandlingar kom Hjønnevåg med i lokalrutene som gjekk på Bergen.

Eide

fekk rutebåtkai i 1956.

Kaibygging på Færøy i 1954. Store steinar på botnen vart sprengde, og bitane vinsja om bord i Nord-Solund, for så å bli brukte i kaifundamentet. Foto: Bjarne Steinsund. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ferjesambandet Rysjedalsvika-Krakhella

i Solund vart opna i 1972.

Ferjesambandet i Ytre Sula

Ferjesambandet Nåra - Daløy knyter Ytre og Indre Sula saman og vart opna 1974.

Hurtigbåtruta med «Solundir»

Etter mange års misnøye med sambandet til Bergen, kom snøggbåten «Solundir» i 1972. Med «Solundir» kunne sulingane nå Bergen på 3½ time. I 1989 vart båten erstatta av «Fjordglytt».

Ekspressbåtrutene

Då ekspressbåtruta Bergen-Nordfjord vart oppretta i 1972 var Nåra i Ytre Sula nokre år stoggestad. I dag er det Krakhella som er stoggestaden for ruta i Solund kommune.

Ekspressbåten Solundir, den andre med dette namnet i Fylkesbaatane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ekspressbåten Solundir, den andre med dette namnet i Fylkesbaatane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.11.2011