Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjesambandet i Ytre Sula

Bilferja Nårasund ved kai på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Nårasund ved kai på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjesambandet Nåra-Daløy vart opna i 1974 og knytte Ytre og Indre Solund saman. Kjøpmann Henrik Tungodden hadde i mange år før det drive skyssbåt over sundet. Etter at det lokale fiskarlaget lenge hadde kravd offentleg ferje over Ytre Steinsund, kjøpte fiskar Rolf Trovåg bilferja «Nårasund» og sette den inn i sambandet. Kommunen og fylket gav driftsstøtte. Fylkesbaatane tok over drifta i 1979.

Haldorsneset ferjekai vart opna i 2006. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haldorsneset ferjekai vart opna i 2006. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Nåra til Haldorsneset

I 2006 vart ferjesambandet Nåra-Daløy avløyst av ei mykje kortare ferjestrekning mellom Daløy og Haldorsneset, og med veg frå Haldorsneset til Sætrevågen.

Gratisferje

I 2010 vart sambandet Daløy-Haldorsneset plukka ut som eitt av to samband til å vere med i eit treårig forsøk med gratis ferje.

På ferjetur frå Daløy til Haldorsneset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På ferjetur frå Daløy til Haldorsneset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.06.2010