Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjesambandet Rysjedalsvika-Krakhella

Bilferja Sunnfjord på veg til kai på Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Sunnfjord på veg til kai på Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjesambandet Rysjedalsvika-Krakhella i Solund vart opna i 1972. Vegvesenet og lokale krefter arbeidde først for at ferjeleiet skulle byggjast i Lifjorden lengre vest, men tapte mot Rysjedalsvika. Den første planen om ferjesamband mellom Hyllestad og Solund var å starta ferje frå Laberg ved Skifjorden og til Leknessund i Nordre Solund - derifrå veg gjennom Solund til ny ferje Steinsund-Nåra og til Kolgrov i Ytre Solund.

Ferjeruta omfattar og Rutledal i Gulen kommune, og går innom øya Losna når det er trafikk dit.

Krakhella ferjekai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krakhella ferjekai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia på Losna blir trafikkert av ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia på Losna blir trafikkert av ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.06.2010