Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeoppdrett og sjømat i Solund

Sol Smolt på Gylta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sol Smolt på Gylta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjå også: Fiskerihistoria i Solund

AS Solunder Preserving

- vart starta i 1898 av Hans Søreide.

Knut Johan Berentsen

starta landhandel i Indrøy i 1895. Seinare starta han fiskeeksport og bygde islager. Isen vart skoren for hand på eit tjern ved Stokkevåg. Berentsen dreiv eksport både til England og Tyskland av laks, kveite, hyse og hummar, og hadde fleire fiskebåtar. Han tok også imot tareoske som vart brukt til produksjon av jod. Sonen Konrad tok over og dreiv fiskemottaket inntil Sogn og Fjordane Fiskesalag tok over i Ytrøy i 1969 (sjå Fiskesalslaget med mottak nedanfor).

Johan Hop

Johan Hop

starta på 1920-talet oppkjøp av krabbe på Sunnmøre. Han hadde eiga skute, og eksporterte krabben til Gøteborg. Han dreiv også omfattande potethandel med same skuta, som forliste ved Jæren i 1936, og Johan og ein dekksgut omkom.

Solund Preserving Co

på Hardbakke vart starta av Paul og Sverre Takle og Nils A. Lervaag i 1927. Fabrikken heldt til i ei sjøbu frå 1913 og la ned naturell krabbe. Opp til 16 kvinner var sysselsette i sesongen. Krabbefabrikken vart lagd ned i 1930.

Bernt Ravnøy

starta i 1964 oppdrett av regnbogeaure på Solneset, og er såleis ein av pionerane i norsk fiskeoppdrett.

Arvid og Doris Oddekalv i arbeid på fiskemottaket i Ytrøygrend i 1985. Foto: Magne Hamre.

Arvid og Doris Oddekalv i arbeid på fiskemottaket i Ytrøygrend i 1985. Foto: Magne Hamre.

Fiskesalslaget med mottak

Gjennom dotterselskapet AS Fiskeforsyning bygde Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950- og 1960-talet fleire mottaksanlegg med fryseri. Eit av dei kom på Ytrøy i Solund i 1969. Anlegga til fiskesalslaget gjekk dårleg, og vart etter få år lagde ned eller selde. Dei siste åra er det Lerøy-gruppa i Bergen som står bak fiskemottaket. Lerøy får mykje av ferskfisken sin derifrå.

Nåralaks

vart starta på 1980-talet av Rolf Trovåg m.fl. i Nåra. Er sidan slege saman med Sulefisk AS etter konkurs i 1994.

Leknøyfisk fiskeoppdrett

vart starta i Leknessundet i 1981 av Steinar Nybø. Anlegget hadde tre konsesjonar og sysselsette 2-3 personar. Vart i 1998 fusjonert med Aqua Farms etter fleire års samarbeid mellom selskapa.

Smoltanlegget til Norevåg Fisk AS i Hjønnevåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Smoltanlegget til Norevåg Fisk AS i Hjønnevåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norevåg Fisk AS

oppdrettsanlegg i Hjønnevåg vart starta i 1983 av Arvid Hjønnevåg. Seinare kom broren Lyder Hjønnevåg med. Anlegget har drive både med matfisk og smolt, og vart i 2000 overteke av Sulefisk AS.

Ytrøy Laksefarm

i Ytrøygrend vart starta i 1984 av Arne Lending. Herdal fiskemat overtok anlegget tidleg på 1990-talet, og etter fleire eigarskifte, er det no ein del av Pan Fish-gruppa.

Hamna Laks AS

oppdrettsanlegg på Krakhella vart starta i 1984 av Magnus Hatløy m.fl. Anlegget har både matfisk og settefisk, og er no slege saman med UFO Laks som broren Leif Hatløy administrerer frå Korssund.

Sulefisk AS

fiskeoppdrett vart starta i Nessefjorden i 1984 av Borgvald Espeland.

Sol Smolt på Gylta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sol Smolt på Gylta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sol Smolt AS

smoltanlegg på Gylta vart starta i 1985 av Jostein Kråkås m.fl. (sjå Sulefisk AS).

Buskøy Laks

fiskeoppdrett vart starta i 1985 av Jon Midtbø m.fl. Kjøpt på 1990-talet av Leknøyfisk, seinare Pan Fish.

Lialaks AS

Lialaks AS

smoltoppdrett på Lia ved Hardbakke vart starta i 1986 av Svein Lien.

Ytrøy Laks AS

oppdrettsanlegg vart starta i 1987 av Oddleif Ørnehaug. Han selde i 1989, og etter fleire eigarskifte var det i 2001 Pan Fish som eigde anlegget.

FMC Biopolymer AS

på Buskøy -sjå Tangskjering og taretråling.

Sule Trans AS

vart skipa i 1996 av Jostein Kråkås m.fl., og dreiv brønnbåten «Refleks» som fraktar levande laks og aure til slakterianlegga - Firmaet er seinare kjøpt opp av Sulefisk AS.

Pan Fish-gruppa

kom inn som stor eigar av fiskeoppdrett i Solund frå tusenårsskiftet. Dei tok m.a. over eigarskapet av tidlegare Ytrøy Laks og Ytrøy Laksefarm, og har elles overført (mellombels) fleire laksekonsesjonar frå Gulen til Solund p.g.a. sjukdomsproblem ved anlegg i Gulen. I 2002 dreiv Pan Fish ni oppdrettskonsesjonar i Solund. Då Pan Fish gjekk over ende, var det Marine Harvest som overtok dei fleste anlegga.

West Well AS

vart starta på Eide i 2001 av Jostein Kråkås. Selskapet skal drive oppdrett av torsk (sjå Sulefisk AS).

Solund Fiskefarm AS

vart starta i 2006 av Eurofisk AS i Masfjorden (50,8%) og fleire lokale aksjonærar med Birger Hjønnevåg som den største av desse. Selskapet dreiv torskeoppdrett, men gjekk konkurs i 2011 etter å ha drive med tap i fire år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011