Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskerihistoria i Solund

Går det så går det. Dei har fylt båten til ripa med sild ved Ospa i 1941. Frå høgre Lorentz Stølsvik, Petter Stølsnes, Georg Stølsnes, Mathias Hugøy og Sigfred Bjørkevoll. Ukjend fotograf. Eigar: Hildur Stølsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Går det så går det. Dei har fylt båten til ripa med sild ved Ospa i 1941. Frå høgre Lorentz Stølsvik, Petter Stølsnes, Georg Stølsnes, Mathias Hugøy og Sigfred Bjørkevoll. Ukjend fotograf. Eigar: Hildur Stølsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå dei tidlegaste tider har fiskeri vore den viktigaste næringsgreina i Solund kommune. Eit teikn på kor viktig fisket kring dei yste havskjera har vore frå gamalt, er at det vart bygt eiga kyrkje i Utvær så tidleg som på 1200-1300-talet, og på 1600-talet vert Utvær nemnt som eit viktig fiskevær med omfattande handel. Fiskarane herifrå har i tillegg til heimefisket drive allsidig havfiske og fangst - slik som makrelldorging i Nordsjøen kring 1900, snurpenotfiske, brislingfiske, størjefangst og fangst av småkval langs kysten, og sel i Ishavet. I kommunen har det også vore betydeleg hummarfiske og østersproduksjon.

Sidan 1960-talet har oppdrett vokse seg til ei stor næring. Men viktigast av alt gjennom tidene har vore landnotfisket etter sild.

Sjark ved kai i Avløypet i Nord-Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjark ved kai i Avløypet i Nord-Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landnotfisket i Solund

Mest kvart einaste gardsbruk i Solund hadde sildegarn eller part i ei sildenot med tilhøyrande båtar.

Sjølaksefisket i Solund

Laksefisket med sitjenot og kilenot, og seinare drivgarn, har vore ei verdfull inntektskjelde i Solund i mange hundre år.

Lønsamt hummarfiske

Frå 1815 tok hummarfisket seg kraftig opp. Prognosar seier at det årleg vart fiska mellom 25.000 og 30.000 hummarar berre i Solund.

Skjelsanking

I eldre tider var det mange i Solund som gjorde seg attåtnæring på skjelgraving.

Makrelldorging

Kring 1900 var det fleire sulingar som gjorde det godt på dorging etter makrell i Nordsjøen.

Selfangstkongen Lyder Larson Strømmen

Lyder Larson Strømmen vart ein av dei største i selfangarmiljøet kring 1. verdskrig.

Taretrålaren Buskalg ved kai i Hersvikbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Taretrålaren Buskalg ved kai i Hersvikbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tangskjering og taretråling

På 1800-talet vart brenning av tare ei viktig attåtnæring for mange langs kysten. Slik var det også i Solund, og dei fleste kjøpmenn i ytre Solund tok imot tareoske for sal til fabrikkar.

Klippfiskproduksjon

Frå 1800-talet vart det tørka mykje klippfisk på svaberga i Solund. Fisken vart kjøpt som saltfisk frå jekter som kom nordfrå. Kjende klippfiskberg låg i Tungodden, Pollen, Litle-Færøyna og Nordre Kråkenes. Klippfiskproduksjonen varde til 1930-talet.

Brønnbåtar

Føring av levande fisk frå Solund til Bergen i brønnbåtar starta truleg tidleg på 1900-talet. Torgeir Børsheim busette seg på Lundøy i Ytrøygrend i 1889. Han er truleg den første som starta fisketransport med brønnbåt i Solund.

Fiskemottaket på Husøy i 1983. Foto: Magne Hamre.

Fiskemottaket på Husøy i 1983. Foto: Magne Hamre.

Fiskesalslaget med mottak

Samvirketanken var sterk mellom fiskarane på 1950-talet, og gjennom dotterselskapet AS Fiskeforsyning bygde Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950- og 1960-talet fleire store mottaksanlegg med fryseri: Raudeberg i 1955, Bulandet 1956, Bremanger 1958, Stadlandet 1960 og på Ytrøy i Solund i 1969. Anlegga gjekk dårleg og vart etter få år lagde ned eller selde. I 2002 er det Lerøy-gruppen i Bergen som står bak fiskemottaket i Solund og som får mykje av ferskfisken sin derfrå.

Fiskeressursane i havet lokkar og fiskeglade utlendingar til Solund. Her er tyske turistar komne i land i Kolgrov med dagens fangst. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskeressursane i havet lokkar og fiskeglade utlendingar til Solund. Her er tyske turistar komne i land i Kolgrov med dagens fangst. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Størjefisket

Solund vart ei av dei store «størjekommunane» då dette fisket slo til etter 2. verdskrig. Den store makrellstørja (tunfisk) vert fiska med not, og fiskarane speida etter størjestimane frå utkikkstønne, nett som på kvalfangst. Den første Solund-skøyta som deltok var «Nordsolund» i 1950.

Det største kjende størjefangsten nokon sinne gjorde «Nordsolund» på Hellefjorden same året. Då tok den 748 størjer i eitt kast! Båten måtte ha hjelp for å berge fangsten, og sju båtar fekk full last. Størjefisket på Vestlandet minka sterkt og var på det næraste slutt for Solund kring 1980.

Størjefiske.

Størjefiske.

Oppdrettsnæringa

Nærleik til kysten, og mange sund med god gjenomstrøyming mellom holmane, gjer Solund til ein av dei viktige oppdrettskommunane i Sogn og Fjordane. Alt i 1964 starta Bernt Ravnøy dei første forsøka med oppdrett av regnbogeaure på Solnes på Ravnøy. Han var ein av dei første pionerane i norsk oppdrettsnæring. Fôret laga han sjølv etter eiga oppskrift. Han bygde fryseri og utvida anlegget til det sysselsette tre personar. Seinare er det bygd ei mengd fiskeoppdrett i kommunen.

Oppdrettsanlegg i Nesefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppdrettsanlegg i Nesefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2011