Hopp til innhold
X
Innhald

Franske sjørøvarar på Husøy

I 1781 eller 1782 kom eit fransk krigsskip til Husøy etter å ha vorte jaga frå Bergen. I Husøy vart det liggjande ei veke.

I 1781 eller 1782 kom eit fransk krigsskip til Husøy etter å ha vorte jaga frå Bergen. I Husøy vart det liggjande ei veke.

Det franske mannskapet på opptil 40 mann oppførde seg som vandalar på det gamle handelssetet. Dei mishandla gesellen Frants Tønsberg og familien hans som måtte røme til Straumen.

Franskmennene slakta mykje av bufeet og drakk opp alt øl og brennevin før dei drog sin veg. Sjørøvarane hadde også vore på Bulandet - sjå: Kaperskip i Bulandet.

Les meir om sjørøvarar og kaperar under historia i Solund.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018