Hopp til innhold
X
Innhald

Han slapp å skrifte

I gamle dagar var det harde straffer for å få born utan å vere gifte. I 1754 vart 20-åringane Birte Jørgensdotter Norevåg og Christen Larsson Straumen innstemna til offentleg skrifte i Husøy kapell fordi dei hadde fått ei jente saman.

Birte møtte opp. Det gjorde ikkje Christen, for han hadde teke sitt eige liv for å sleppe unna straffa og skamma.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.11.2008