Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Buskøy

Buskøy i 1910. Hovudhuset vart bygt i 1888. Foto: Jan Hess, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Buskøy i 1910. Hovudhuset vart bygt i 1888. Foto: Jan Hess, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Refsøen, seinare omdøypt til Buskøy etter familienamnet Busch, var i over 350 år eitt av dei viktigaste handelsseta på sognekysten. Her budde rike jordeigarar, og seinare tok dyktige handelsfolk og fiskebåtreiarar over.

Rikmannsslekta Busch

Busch-slekta var frå midten av 1600-talet mellom dei største jordeigarane i noverande Solund. Mellom anna eigde den garden i Rånøy i 120 år. Rånøy vart rekna som den rikaste garden i Utvær skipreide. Ivar Busch var den første i denne slekta som kom til Solund. Han var truleg son til futen i Sunnfjord som på den tida budde på Fure (sjå Fjaler kommune). Ivar Busch var gift med dottera til den rike handelsmannen Mikkel Jakobsen i Kolgrov. Mikkel hadde grave til seg 12 gardar før han døydde i 1676. Svigersonen Ivar Busch arva dei fleste gardane, i tillegg til tre gardar i Sunnfjord.

Rånøy, eller Ravnøy, som var eigd av Busch-slekta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rånøy, eller Ravnøy, som var eigd av Busch-slekta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rikast i Solund

På Buskøy i Nordre Solund bygde sonen Fredrik Busch eit handelssete med gjestgiveri i 1705. Han kjøpte elles ut gardar som andre sysken hadde arva. Fredrik eigde elles fleire jekter og ei mengd mindre båtar og fiskebruk. Både i Solund og kring Åfjorden i Hyllestad hadde han sitjenøter for laksefiske. Fredrik Busch er nok den rikaste mannen som har budd i Solund nokon sinne. I dødsbuet etter han var det m.a. ei rikt utskora himmelseng som no er på Historisk Muséum i Bergen. Stova på Refsøen var prydd med måleri, gardiner og eit stort bordbestikk i ekte sølv. Han brukte også "tandbørste i futteral"! Sonen Nils Fredrikson ser ut til å ha hatt noko mindre forretningsambisjonar enn faren, for under han vert aktiviteten mykje redusert. I 1777 vart Refsøen seld til Bengt Gustav Winding som arbeidde som fullmektig hjå futen Simen Hansen i Alværa (sjå Høyanger kommune). Men enkja etter Nils Busch nekta å flytte ut, og fekk etter mykje spetakkel lov å bu der så lenge ho og slekta ynskte. Bengt Gustav Winding døydde 45 år gamal i 1787 og eigedomane vart etter kvart delte opp.

Hess-slekta tok over

Frå 1828 finn vi Ola Stefansson Tonning som eigar av handelsstaden. Han stamma frå ei stor handelsslekt i Stryn (sjå Stryn kommune). Tonning-slekta er ei av dei svært frå handelsslektene som ætta frå lokale bønder som fekk løyse borgarbrev i Bergen og starte handel på eiga hand. Elles vart slike byprivilegium på Vestlandet vakta vel på av store og rike bergensfamiliar som delte dei ut seg imellom. Etter Ola Stefansson Tonning kom skipper Hans Kristian Hess inn som eigar på Buskøy. Hess-slekta slo seg stort opp som fiskehandlarar og på selfangst. I 1888 reiv sonen Georg Balchen Hess det gamle herskapshuset frå Busch-tida og bygde nytt bustadhus. Under Georg Hess og sonen Jan Hess opplevde Refsøen ei stordomstid. I 1887 lasta Fylkesbaatane 1859 tønner saltsild frå kaia i Buskøy, og Georg Hess bygde opp ei stor verksemd med eksport av hummar og laks, og hadde også eige ishus. Hess dreiv også landhandel og bakeri, han bryggja øl og dreiv eiga skjenkestove, og i tillegg var han ekspeditør for både post, telefon og fylkesbåtrutene. I 1875 er han registrert med tre drengar og to tenestejenter.

Fiskedampskipet DS Ramoen, eitt av skipa Jan Hess eigde. Foto: Jan Hess, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fiskedampskipet DS Ramoen, eitt av skipa Jan Hess eigde. Foto: Jan Hess, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Storreiaren Jan Hess

Sonen til Georg Hess, Jan Hess, bygde vidare på det lokale handelsimperiet som faren hadde skapt. Men han satsa i tillegg endå sterkare på fiske og fangst. Han kjøpte i 1894 si første dekksskøyte. I 1902 vart han reiar for fiskedampskipet "Solunder" på 73 tonn som vart brukt til sildedriving og bankfiske. På same tid hadde han fiskeskøyta "Henriette", først med segl, seinare med motor. I 1908 hadde han seld "Solunder", og då kjøpte fiskedampskipet "Olga". På Søkinga i Solund bygde Jan Hess kring 1906 ei stor sjøbu. I 1910 gjekk Jan Hess i kompaniskap med Lyder Strømmen på Kolgrov. Dei bygde den 70 fot store selfangarsluppen "Polarstrømmen". Med denne seglførande sluppen dreiv dei selfangst i Kvitsjøen. Seinare selde dei og bygde ny dampbåt i 1915. Den heitte også "Polarstrømmen". Eit par år seinare kjøpte Hess og Strømmen sin andre dampbåt; "Hvitefjell" på 90 fot. I 1918 kjøpte dei to kompanjongane endå ein stor selfangar som heitte "Øst". I tillegg til parten i selfangstskutene, kjøpte Jan Hess fiskedampskipa "Storeggen" i 1911 , "Segeren" i 1913, "Bell" i 1917 og eit stort fiskedampskip, "Ramoen" i 1918. Hess flytta frå Buskøy til Florvåg på Askøy i 1918, der han bygde opp stort pakkhus og kai. I den økonomiske krisa etter 1. verdskrigen fekk Jan Hess vanskar, og gjekk ut av kompaniskapet med Lyder Strømmen. Men Hess kava seg på beina att og bygde selfangstskuta "Buskøy" i 1926. Han kjøpte også ein mindre fiskebåt som forliste kort tid etter ved Skudenes. Jan Hess flytta tilbake til Buskøy i 1932, men tapte etter kvart det meste av formuen. Han dreiv den siste tida med ei lita fiskeskøyte.

Buskøy i 1979, då det framleis var landhandel i hovudhuset. Foto: Magne Hamre.

Buskøy i 1979, då det framleis var landhandel i hovudhuset. Foto: Magne Hamre.

Sidan dreiv Hans Våge og Harry og Gerd Mattevik landhandelen på Buskøy. På eigedomen langs sjøen bygde Herman Færøyvik kai og sjøhus og dreiv sildesalting frå 1851 til 1954. Frå 1954 starta han mottak av tørka fingertare. Han og broren Edvard dreiv elles fiske med eigne trålarar og snurparar, og frakt av tare.

Buskøy i dag. Foto: Magne Hamre.

Buskøy i dag. Foto: Magne Hamre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010