Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Gåsvær

Gåsvær i 1916. Ukjend fotograf. Eigar: Leif Gåsvær/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gåsvær i 1916. Ukjend fotograf. Eigar: Leif Gåsvær/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gåsvær er ei av dei ytste øyane i Nordsula, og ligg vest i havet mellom Lågøyfjorden og Gåsværosen. Gåsvær ligg lagleg til fiskefelta, og har truleg hatt handel lenge før bergensaren Jørgen Petter Møller fekk handelsprivileium i 1755.

I 1760 kjøpte systersonen Vilhelm Lexau både kremmarleia på Husøy og Gåsvær. I 1767 fekk han løyve til å drive gjestgiveri og skjenkestove i Gåsvær i tillegg til handel.

Ølet bryggja han sjølv, men måtte kjøpe brennevinet frå Bergen. Han fjernstyrde eigedomane sine i Solund frå Bergen.

Kring 1800 kjøpte firmaet Lyder W. Nicolaysen og Søn handelsstaden Gåsvær. Firmaet hadde tidlegare kjøpt Husøy, Utvær og Stokkevåg. Lexau var gifta inn i familien Nicolaysen ved at Nicolay Nicolaysen var gift med dotter til Vilhelm Lexau. Då Vilhelm døydde i 1839, selde enkja Bolette til Lars Møldrup Gjertsen Lervåg. Truleg vart Gåsvær nedlagt som kremmarleie og gjestgiveri før 1850.

Sidan har folket livnært seg med fiske og jordbruk. Den eldste bygningsdelen på det særmerkte hovudhuset er frå 1700-talet. Eit anna hus har bøygde takbjelkar og skal vere bygd av tømmer frå ei forlist seglskute. Det gamle fiskeværet vert i dag også drive som feriesenter under namnet Gåsvær Fiskeferie.

Gåsvær i dag. Foto: Tor Arne Hauge.

Gåsvær i dag. Foto: Tor Arne Hauge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010