Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Husøy

Husøy. Foto: Magne Hamre.

Husøy. Foto: Magne Hamre.

Husøy i Ytre Sula har lagleg hamn, og låg midt i dei rike sildefelta. Husøy har vore handelsstad før 1650: Ei rettsak viser at det var seks borgarar som dreiv handel på staden i 1686.

I 1742 eigde Christen Møller garden. Han dreiv skjenkestove, men vart seinare frådømt borgarrettane sine, og handelen låg nede til Vilhelm Lexau frå Bergen kjøpte Husøy på slutten av 1760-talet og starta handel. Han eigde også kremmarleiet på Gåsvær (sjå Handelsstaden Gåsvær). Om dei franske herjingane på Husøy 1781-1782 - sjå Krigshistoria i Solund.

På 1780-talet vart staden kjøpt av firmaet Lyder Wentzel og Sønn, eigd av Lyder W. Nicolaysen. Firmaet eigde og dreiv Husøy til midten av 1800-talet, då Hans Andreas Lexau frå Bremanger tok over. Dette var i storåra for vårsildfisket. Lexau kjøpte og salta sild, dreiv landhandel og bryggja og selde øl. Då han døydde i 1884, leigde enkja ut landhandelen til Karl Hauge.

Husøy slik det såg ut rundt 1900. Ukjend fotograf, frå samlinga til Peter Henriksen.

Husøy slik det såg ut rundt 1900. Ukjend fotograf, frå samlinga til Peter Henriksen.

Ivar Henriksen frå Buskøy tok over handelen i 1899 og kjøpte seinare handelsstaden. Sonen Harald tok over i 1949 og bygde i 1954 nytt hus med butikk som han dreiv til 1977. Ein annan son av Ivar, Peder, tok over fiskemottaket som han dreiv til 1959. Det gamle, særmerkte hovudhuset vart rive i 1975. I 1943 vart Ivars søner Harald og Peder sende til konsentrasjonleir i Tyskland etter opprulling av våpenlaget i Begla (sjå Krigshistoria i Solund).

Familien Henriksen nyttar i dag Husøy berre som fritidseigedom. Sjå også: Husøy kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010