Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Steinsundholmen

På dette biletet frå 1958 ser vi Steinsundholmen med den gamle handelsstaden i bakgrunnen. Foto: Ola Steinsund. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå 1958 ser vi Steinsundholmen med den gamle handelsstaden i bakgrunnen. Foto: Ola Steinsund. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Handelsstaden ligg i Indre Steinsund som frå gamal tid var den ytre kystleia. Truleg var det kremmarhandel og gjestgiveri i 1675, då Baltazar Pedersen budde på holmen.

Etter eit tidsrom der det vantar opplysningar om det budde nokon på Steinsundholmen, dukka Peder Akselson Zachrisøen opp som ølseljar i 1756. I 1771 kjøpte Ole Knutsson husa på holmen og starta truleg handel. Etter to år på Lyder Holthe Wentzel sine hender, kjøpte bergensaren Henrik Møller i 1792. Han dreiv fiskekjøp og sildesalting i tillegg til gjestgiveri. I 1798 vart Hans Jacobson Svaberg eigar, og enkja Marthe dreiv vidare då Hans døydde i 1835. Ho tok av kår, og let Nils Larsson Asheim frå Gulen drive handelen fram til 1844.

Så kom Ludvig Skage frå 1844 til 1850, då Peter Ulrik Egedius overtok, og satsa stort på fiskebåt og sildenøter ved sida av handelen. Men han overinvesterte, og måtte overlate eigedomen til kreditorane sine i Bergen - handelshusa Døscher og Martens.

I 1859 fekk brørne Kristian og Martinus Toska kjøpe Steinsundholmen, og tre år seinare vart jordveg og handel delt, slik at Kristian tok handelen og broren jorda. Begge brørne drukna i 1863. Så kom Halvard Jensen og gifta seg med ei av enkjene, og kjøpte holmen på auksjon i 1864. Han dreiv handelen fram til 1870. Øya fekk postopneri i 1868 og rutebåt i 1875 på Steinsundvika, og Jensen vart ekspeditør for begge. I 1870 overlet han handelen til Ola Halland.

I 1871 vart Steinsundholmen seld på auksjon til Ola Halstensen Stamnesleira som dreiv som smed og bakar, medan kona Lisbeth dreiv butikken. Etter nye eigarskifte vart holmen på nytt seld på auksjon i 1917. Ny eigar vart selskapet «Stensundholmen», og i 1921 vart AS Salteriet Stensund ved O. Bratland eigar. Dei selde til Tormod Pederson Gåsvær i 1936.

Dei siste 50 åra har det ikkje vore handel på Steinsundholmen. Dagens eigarar bur i Bergen og nyttar staden som fritidsbustad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011