Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Søreide

Hans Søreide på 1920-talet. © Fylkesarkivet.

Hans Søreide på 1920-talet. © Fylkesarkivet.

Hans Søreide (1878–1963) fødd i Solund, busett i Måløy og Ålesund. Industribyggjar, hermetikkfabrikant og politikar.

Søreide hadde fått opplæring i Bergen, og grunnla i 1898 AS Solunder Preserving Co - Ytre Sogn - Norwegen på Indrevær i Ytre Solund. Fabrikken var i drift berre kort tid. Søreide tok deretter arbeid ved Valvatnes Hermetikkfabrikk på Sunde i Sunnhordland.

I 1903 skipa Søreide saman med brørne Johan og Rasmus Vetvik( sjå Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik), Hans Kvalheim og nokre karar frå Skavøypoll ”A/S Ulvesunds Fiskeriselskap”. Dei kjøpte fiskedampskipet ”Kveldulv” som dei m.a. dreiv linefiske etter kveite med på Aktivneset, Tampen og Storegga. Han grunnla saman med Anton Lien Moldøen Canning Co. i 1910. I 1916 starta han saman med Audun Lem Firda Canning Co.

Søreide var ordførar i Sør-Vågsøy 1920-1922. I 1923 flytta han til Ålesund og grunnla Møre Preserving Co.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011