Hopp til innhold
X
Innhald

Hardbakke Gjestehus og Kaikanten Kafé AS

Hardbakke Gjestehus i det tidlegare eleveinternatet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hardbakke Gjestehus i det tidlegare eleveinternatet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hardbakke Gjestehus og Kaikanten Kafé AS vart skipa i 2002 av Linda Kalmèr og Paul Peltopera i samband med at dei kjøpte det tidlegare elevinternatet (sjå "Skular i Solund") og pensjonatet på Hardbakke av kommunen.

Etter at bygget vart nedlagt som elevinternat, har det sidan midten av 1980-talet vorte drive som pensjonat av ulike eigarar - sidan 1998 av Kalmèr og Peltopera. Dei starta i 1999 Kaikanten Kafé i samband med serviceanlegget som kommunen bygde for båtgjester på Hardbakke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010