Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar Storeide

Hjalmar Storeide (1901-1961) frå Hjørundfjord, busett på Hardbakke. Sokneprest og motstandsmann under 2. verdskrig.

Hjalmar Storeide (1901-1961) frå Hjørundfjord, busett på Hardbakke. Sokneprest og motstandsmann under 2. verdskrig.

Saman med m.a. lensmann Johannes Mathiesen vart Storeide ein sentral kontakt for Shetlandsfarten under 2. verdskrig. Vart suspendert frå prestetenesta i 1943, men sulingane samla inn pengar som presten levde av til krigsslutt.

Storeide var ein pådrivar for utbygginga av elektrisk kraft i den nær på straumlause kommunen og for skiping av L/L Solund Kraftlag i 1946. Soknepresten gjekk frå hus til hus og agiterte for elektrisk straum og medlemskap i kraftlaget.

Storeide flytta frå Solund i 1947. Stortingsrepresentant for Hordaland 1952-1961.

Hjalmar Storeide med konfirmantflokken i Solund i 1943. Foto: Tom Kristiansen. Eigar: Agnes Steinsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hjalmar Storeide med konfirmantflokken i Solund i 1943. Foto: Tom Kristiansen. Eigar: Agnes Steinsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.06.2010