Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Solund

Solund Verft driv med reparasjon av fiskebåtar og ferjer og er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Solund. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solund Verft driv med reparasjon av fiskebåtar og ferjer og er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Solund. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

SAMLESIDER:

*Fiskeoppdrett og sjømat i Solund *Landhandlar i Solund

ENKELTOMTALAR:

Handelsstaden Buskøy

Refsøen var i over 350 år eitt av dei viktigaste handelsseta på sognekysten. Her budde rike jordeigarar, og seinare tok dyktige handelsfolk og fiskebåtreiarar over.

Jan Hess

- sjå artikkelen Handelsstaden Buskøy.

Herman Færøyvik

- sjå artikkelen Handelsstaden Buskøy.

Handelsstaden Husøy

Husøy i Ytre Sula har lagleg hamn, og låg midt i dei rike sildefelta. Husøy har vore handelsstad før 1650.

Lyder Wentzel & Sønn

- sjå artikkelen Handelsstaden Husøy.

Ivar Henriksen

- sjå artikkelen Handelsstaden Husøy.

Handel på Nautøy

Frå 1636 er det registrert handelsborgarar på Nautøy.

Handelsstaden Steinsundholmen

I Indre Steinsund har det truleg vore handel og gjestgiveri frå 1675.

Kombinasjonen fiske/småbruk var lenge den vanlegaste næringsvegen for folk i Solund. Sauene trivst på dei frodige beita som det er mange av mellom steinknausane. Dette biletet er teke på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kombinasjonen fiske/småbruk var lenge den vanlegaste næringsvegen for folk i Solund. Sauene trivst på dei frodige beita som det er mange av mellom steinknausane. Dette biletet er teke på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Salteriet Stensund

- sjå Handelsstaden Steinsundholmen.

Handelsstaden Gåsvær

Bergensaren Jørgen Petter Møller fekk handelsprivilegium på Gåsvær i 1755, men truleg har det vore handle der langt tidlegare.

Lyder W. Nicolaysen & Søn

– sjå artikkelen Handelsstaden Gåsvær.

Gåsvær Fiskeferie

– sjå artikkelen Handelsstaden Gåsvær.

Tidleg handel i Krakhella

på 1700-talet fekk underoffiser Gregorius Brekke løyve til å drive gjestgiveri og skjenking i Krakhellehamnen.

Ytrøygrend

I 1801 vert Sjur Nilson nemnd som gjestgjevar på Lundøy.

Sulens Brandforsikringselskab

vart skipa i 1897 av Johannes K. Laagø, sokneprest Johan E. Sverdrup, Paul Takle og Petter L. Tveranger

Solund Branntrygdelag

- sjå Sulens Brandforsikringselskab.

Kopargruver på Nesøy

På Nesøy gjekk det kring 1900 føre seg utvinning av koparkis for ein kort periode. Gruvene finst framleis, men fleire opplysningar om omfanget og kven som dreiv, vantar førebels.

Sulen Sparebank

vart skipa i 1915. Banken fekk eige bankbygg på Hardbakke i 1937, der det var plass til kommunekontora og distriktslegen.

Sparebanken Sogn og Fjordane

- sjå Sulen Sparebank.

Fremad 2, eigd av Sverre Pollen, var ein av båtane som sette kursen vestover frå Solund til Shetland. Dette biletet er teke i 1946, då båten var heime att. Om bord står Agnes Monsen, Sverre Pollen og Kjell Monsen. Foto: Elisabeth Pollen, eigar Sverre Pollen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fremad 2, eigd av Sverre Pollen, var ein av båtane som sette kursen vestover frå Solund til Shetland. Dette biletet er teke i 1946, då båten var heime att. Om bord står Agnes Monsen, Sverre Pollen og Kjell Monsen. Foto: Elisabeth Pollen, eigar Sverre Pollen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Truls Pollen

bygde kring 1915 reparasjonsslipp i Pollen. Dette var den første slippen i kommunen, og han fekk mykje å gjere. Seinare dreiv han også notlag og fiskebåt saman med andre. Ein av dei var «Fremad 2» som vart brukt til Shetland i 1941.

Lågøy Slip og Mek. Verksted

på Lågøy vart starta 1933 av Kristoffer Mathiesen.

Lågøy Slipp AS

- sjå Lågøy Slip og Mek. Verksted.

Søstrene Takle kafé og pensjonat

vart starta på Hardbakke i 1946 av Halldis og Sigrid Takle.

Solund kraftlag L/L

vart skipa 1946 - sjå Kraftforsyninga i Solund.

Solund Pensjonat

– sjå Hardbakke Gjestehus og Kafé.

Solund Skips Service AS

Reparasjonsverkstaden var frå starten i 1976 den største arbeidsplassen i Solund, og kunne slippsetje skip på over 1000 tonn.

Solund Mekaniske Verksted AS

- sjå Solund Skips Service AS.

Stad Trading AS

- sjå Solund Skips Service AS.

HETO AS

- sjå Solund Skips Service AS.

Wergeland Halsvik AS - Avdeling Solund Verft

- sjå Solund Skips Service AS.

Solund Verft AS

- sjå Solund Skips Service AS.

Hans I. Steinsund

frå Hardbakke starta i 1978 som maskinentreprenør med gravemaskiner og andre anleggsmaskiner.

Buskøy Steinindustri

på Buskøy vart starta i 1981 av Harald Bontveit og Herman Færøyvik. Verksemda nytta den vakre konglomeratsteinen på øya til framstilling av m.a. bordplater, gravstøtter, kjøkkendiskar og peisinnrammingar. Etter at verksemda låg nede nokre år, starta Einar Bontveit, son til Harald, opp att i 2000 under namnet Veststein ANS.

Båtsmia på Færøy

vart starta 1984 av Bjarnhild Færøy og Asmund Myhr. Dei byggjer og reparerer fiskebåtar, skyssbåtar og fritidsbåtar i aluminum og tre.

Sjøbruka til Birger og Rune Hjønnevåg, som saman dreiv Hjønnevåg Rederi AS. Etter at reiarlaget vart avvikla har Rune drive fiske med sjarken ”Gullskjær junior”. Til høgre Hjønnevåg Camping og Rorbuferie AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjøbruka til Birger og Rune Hjønnevåg, som saman dreiv Hjønnevåg Rederi AS. Etter at reiarlaget vart avvikla har Rune drive fiske med sjarken ”Gullskjær junior”. Til høgre Hjønnevåg Camping og Rorbuferie AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjønnevåg Rederi AS

vart skipa i 1989 av brørne Birger og Rune Hjønnevåg og Jarle Steine, Vågsøy. Reiarlaget har drive med store snurpefarty, og var medeigar i ringnotsnurparen «Sulanger» på 150 fot. Reiarlaget er no avvikla.

SolGul Blomst

På same vis som ved SolGul si avdeling i Gulen, er det opna såkalla «post i butikk» i blomsterforretninga på Hardbakke.

Solund Senter ANS

Senteret reist i 1992 har kring 2000 kvm. golvflate og rommar ein mengd forretningar og offentlege kontor.

Øybygg A/S er ein del av Solund Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øybygg A/S er ein del av Solund Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øybygg A/S, Sulen Frisør, Anne Hop helsebutikk

– sjå Solund Senter ANS.

Selstad AS avd. Solund

Selstad AS frå Måløy starta reparasjons- og vedlikehalds-verkstad for notbruk og oppdrettsmerder ved Ytre Steinsund i 1995.

Lending Båtbyggeri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lending Båtbyggeri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lending Båtbyggeri

vart starta i 1995 av Øystein Lending. Verksemda lagar lystbåtar og båtinnreiingar.

Færøy Bakeri og Feriesenter

vart starta i det tidlegare skulehuset på Færøy i 1995 av Einar Færøy. Han driv bakeri, restaurant, og tek imot overnatting i «skulehuset» og i eit restaurert hus. Færøy har saman med Nystø Ferie (sjå lenger nede på sida) totalt kapasitet til å ta imot 40-50 gjester.

Sule Trans AS

vart skipa i 1996 av Jostein Kråkås m.fl., og driv brønnbåten «Refleks» som fraktar levande laks og aure til slakterianlegga (sjå Sulefisk AS).

Solund-ferie AS

i Furevik vart starta i 1996 av Anne Grethe Furrevik. Ho driv utleigehytter og har bygd fiskedam for laks, der turistane kan drive stangfiske.

Snella Kystsaum

vart skipa på Hop ved Hardbakke i 1996 av Sølvi Songstad Waage og Anne Lise Ellingsen. I 2001 flytta Snella Kystsaum inn i det nedlagde postkontoret på Hardbakke, og i 2006 tok dei over ”post i butikk-ordninga” etter SolGul Blomst.

Steinsund Sjø og Fiskeferie

vart bygt i 1996 av Hallstein og Doris Steinsund.

Steinsund Marinesenter AS

- sjå Steinsund Sjø og Fiskeferie.

Nystø Ferie

vart starta på Færøy i 1998 av Venke og Hans Færøy. Dei driv utleige av feriehus.

Veststein ANS

– sjå Buskøy Steinindustri lenger oppe på sida.

Protan & Fagertun

- sjå eigen artikkel under Historie: Tangskjering og taretråling.

FMC Biopolymar AS

- sjå eigen artikkel under Historie: Tangskjering og taretråling.

Hardbakke Gjestehus og Kafé

vart skipa i 2002 av Linda Kalmèr og Paul Peltopera.

Solund Bryggje

- sjå Hardbakke Gjestehus og Kafé.

Solund Gjestegaard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Gjestegaard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Gjestegaard

på Hardbakke vart opna i 2006 og er eigd av ekteparet Nina Bauge og Tom Erling Bahus, som har bygd om den gamle doktorbustaden til føremålet.

Solund Maritim AS

vart skipa i 2006 av Bjarte Engevik m.fl. Verksemda held til i Solneset og yter alle typar service til lystbåtflåten, m.a. vedlikehald, reparasjonar og lagring.

Hjønnevåg Camping og Rorbuferie AS

vart starta i 2007 av ekteparet Sonja og Birger Hjønnevåg og dottera Tove.

Solund Rorbuferie AS

- sjå Hjønnevåg Camping og Rorbuferie AS.

Hortimare AS

vart starta på Hardbakke i 2012 av nederlendaren Job Schipper. Selskapet driv med dyrking og kultivering av tang og tare i samarbeid med lakseprodusentane Sulefisk og Salmon Group. Planen er å få til eit tareoppdrettsanlegg i tilknyting til eit lakseanlegg. Ein av effektane er at det kan minske plagen med lakselus. I 2013 vart Hortimare tildelt innovasjonsprisen under konferansen North Atlantic Seafood Forum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2014