Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Ragnar Lien

Kåre Ragnar Lien (1941-2007) frå Solund, busett i Førde. Biletkunstnar.

Kåre Ragnar Lien (1941-2007) frå Solund, busett i Førde. Biletkunstnar.

Utdanna ved Statens lærarhøgskule i forming, Notodden. Garantiinntekt 1989. Delteke i ei rad kollektivutstillingar, m.a. Vestlandsutstillinga frå 1976 og Statens Høstutstilling 1976. Fleire separatutstillingar, m.a. i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter i 1988 og 1995.

Innkjøpt av Fylkesgalleriet og Norsk Kulturråd, og elles representert i fleire offentlege bygg i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010