Hopp til innhold
X
Innhald

Knagenhjelm i Solund

Losna. Foto: Magne Hamre.

Losna. Foto: Magne Hamre.

Mykje av ytre Sogn tilhøyrde på 1700-talet Knagenhjelm-slekta frå Kaupanger Hovedgård. Slik var det også i Solund.

På 1600-talet slo lagmann Hans Hansen i Bergen under seg store deler av Losnagodset i Ytre Sogn (sjå Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad? og Losna-ætta). Han vart adla i 1675, og fekk namnet Lillienskiold. Han hadde då skaffa seg kontroll over eigedomane til Munkeliv Kloster og dermed også to tredjepartar av Utvær skipreide. Det vil i praksis seie kontroll over omlag halvparten av det som i dag er Solund kommune.

Svigersonen overtok

Svigersonen oberst Bendix V. Hatten overtok eigedomane, og hans svigerson igjen Ivar V. Ahn i 1692. I 1710 kjøpte lagmann Knagenhjelm. Embets-slektene Daae (sjå Historia i Vik) og Segelcke vart ved inngifte i Knagenhjelm-slekta også eigarar av bruk i Solund. Det same vart Heiberg-slekta på Kaupanger (sjå Historia i Sogndal). Ingen av desse ser ut til å ha busett seg i Solund, men levde av bygselinntekter frå gardar og lakseverpe.

Riksmannsslekta Busch var store landeigarar i ytre Solund på 1600- og 1700-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.06.2010