Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Johan Berentsen

Knut Johan Berentsen (1868-1952) frå Indrøy. Handelsmann og fiskeeksportør.

Frå 1895 bygde han opp landhandel, fiskemottak og eksportforretning i Indrøy. Til ishuset skar dei is på eit vatn ved Stokkevåg. Han eksporterte fisk og hummar både til England og Tyskland, og dreiv i tillegg fleire fiskebåtar og sildenot. Ein av dei, «Stål I»,gjekk med flyktningar til Shetland i 1941.

Knut og kona Hanna hadde i lang tid sentrale tillitsverv i misjonslaga i ytre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008